Straumen av bilar forbi bomstasjonane i Bergen i ettermiddagsrushet i dag var nær 20 prosent lågare enn sist mandag.
Det var Anna Elise Tryti, byråd for byutvikling i Bergen, som sa dette til NRK Vestlandsrevyen i kveld.
Første dag
I dag var første dag med tidsdifferensierte bompengar i Bergen. På førehand var det knytta stor spaning til effekten av tiltaket.
I morgontimane var reduksjonen noko mindre, nær 13 prosent. Noko som kan ha hatt samanhang med at Bybanen hadde problem i desse timane.
Inga gulrot
Trafikkreduksjonen skjer trass i at det i dag vart innført nye og høgare takstar på kollektivtrafikken.
Bergen er første storbyområde i Norge som innfører tidsdifferensierte bompengar. Hos meningman har tiltaket vore oppfatta som kontroversielt
Dårleg byluft
-Eit samrøystet Bystyre, minus FrP, står bak vedtaket. Eg trur den dårlege bylufta gjev oss aksept for ordninga hos publiku,, sa Tryti til NRK Vestlandsrevyen.