Ville gje Vestnytt eksklusivitet på omtale av politisk rapport

Tunnelsyn kunne alt onsdag sist veke gjengje hovudpunkta i Telemarkforsking sin rapport om Fjell, Sund og Øygarden sine føresetnadar for å verta ein kommune. Det vart dårleg motteke på rådhusa i regionen.

Hovudverneombod Reidar Vik i Øygarden var ikkje den einste som ikkje var ønska i salen då Telemarksforsking la fram granskingsrapporten om Fjell, Sund og Øygarden sine føresetnadar for å slå seg saman til ein kommune.

Viktig å følja med
Sett frå eit lokaldemokratisk perspektiv er kommunesamanslåinga ei av dei aller viktigaste sakene i region vest denne kommunestyreperioden. Tunnelsyn har difor strekt seg langt for å følja med og rapportera utviklinga i dei tre kommunane.

Ei oppgåve som ikkje er utan utfordringar, då Tunnelsyn – i motsetnad til den inntil nyleg monopolavisa VestNytt – oftast er nøydd til å spora opp nyhenda sjølv.

Eksklusivt inviterte
Fellesmøtet på Panorama sist mandag var eit politisk møte, men det var ikkje kunngjort. Vestnytt hadde likevel fyldig dekning av møtet i forkant. Dei var også einaste media tilstade på møtet, noko som viser at dei må ha vore eksklusivt informerte og inviterte.

Jakta på informasjon
Tunnelsyn vart først klar over møtet same dagen det fann stad. I håp om å få vita tid og stad ringte eg både rådhuset, og varaordførar Tom Georg Indrevik personleg. Klokka 12 fekk eg sms tilbake frå Indrevik om at ”Den blir nå presentert på Panorama!”.

Eg sende då ein sms tilbake der eg bad om å få tilsent lenkje til rapporten, og til dei øvrige presentasjonane. Trass purring – det fekk eg aldri.

Dei mange unnskuldingane
Då eg kontakta Telemarkforsking direkte, for å få tilgang til rapporten, vart eg vist til rådmann Stig Arne Thune i Sund. Thune skulda på så mange ting. Nokon rapport fekk eg aldri.

Telemarkforsking sine rapportar står støtt på eigne bein. Dei er dessutan offentlege. For Tunnelsyn si side løyste problemet seg då dei la rapporten ut på heimesidene sine onsdag morgon.

Likte det dårleg
Tilbakemeldingane frå rådhusa i Sund og Øygarden viste at dei ikkje var førebudde på at Tunnelsyn skulle omtala innhaldet i rapporten. Dei likte det dårlig, for å seia det slik.

Les meir:
Straume eit naturleg kommunesenter

5 Comments

  1. Tvila står du fritt til å gjera, men det spørsmålet er det enkelt å svara på. Faktum er at vi ikkje var klar over at du hadde kommentert saka på bloggen din.

    Likar

  2. Her var det nokre udokumenterte påstandar vi ikkje vil la stå uimotsagt denne gongen. Journalistane i Vestnytt må som alle andre i media jobba med kjeldenettverket, sjekka journalar og vera aktive i alle kanalar for å fanga opp mest mogleg av det som skjer.
    Når det gjeld møtet på Panorama, fekk ikkje Vestnytt nokon invitasjon til dette. Det stemmer altså ikkje at Vestnytt var eksklusivt invitert og informert, noko Strømme ville visst om ho hadde ringt oss og sjekka fakta.
    Møtet på Panorama vart ikkje kunngjort av dei tre kommunane, noko Vestnytt laga kritisk journalistikk på og innhenta uttalar frå fagfolk om. Når vi visste om møtet og skreiv om det på førehand slik at innbyggjarane skal vita om kva som skjer, var det fordi vi kontinuerleg jobbar aktivt mot kjeldene våre, ein viktig del av det journalistiske arbeidet. Men som vi påpeika i artikkelen, kommunane er forplikta til å kunngjera slike møte, for å sikra ein open prosess som alle kan delta i.

    Venleg helsing
    Marit Kalgraf,
    redaktør i Vestnytt

    Likar

    1. Saka var frå mi side først og framst meint som ei frustrert ytring over alle dei hindra nummer 2-avisa Tunnelsyn møtte for å få tilgang til informasjon om det viktig møtet på Panorama. Omtalen vart til gjengjeld mykje lest då han først kom ut.

      At Vestnytt ønskjer å samarbeida tett med kjeldene, kjem ikkje akkurat som noko stor og overraskande nyhende. Særleg ikkje sidan Vestnyttredaktøren, saman med kollega Marit Holm i Sysla, 14. januar i år møtte medlemmane i Vest Næringsråd for å læra dei korleis dei skal møta media.

      På bakgrunn av dette, tillet eg meg å spørja: Dersom Tunnelsyn ikkje hadde fortalt lesarane våre om innhaldet i Telemarkforsking sin granskingsrapport, ville då Vestnytt gått ut og kritisert administrasjonen i Fjell, Sund og Øygarden for ikkje å ha kunngjort møtet på Panorama? Eg tvilar.

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s