Førebur travel Hitsøy-sommar

På Hitsøy vil BOF formidla Sotrastrilen sin kystkultur ved å tilretteleggja for typiske aktivitetar som fiske, roing, padling og dykking. Til sommaren skal det verta einkelt å gå i land og utforska frilområdet og kystkulturminna på øya.

Kjøpet av gard nummer to på den vesle øya Hitsøy heilt ute i havgapet i Fjell har ført til travle dagar i Bergen og omland friluftsråd (BOF). Til sommaren skal det meste vera på plass, håpar dagleg leiar Åge Landro.

Før olja

Det gamle bustadhuset har god plass både ute og inne og vert senter for aktivitetane.
Det gamle bustadhuset har god plass både ute og inne, og vert senter for friluftsaktivitetane. Foto: BOF.

– På Hitsøy lagar vi eit senter som kan formidla den lokale kulturhistorien ved å tilretteleggja for aktivitetar som er typiske for området, som fiske, padling, roing og dykking. Visa ein sentral del av Fjell sin historie – korleis folk levde før olja tok over – ei utvikling som har gått frykteleg fort, seier Landro.

Det nye naustet på kaien skal verta undervisningslokale, men det litt lenger fram i tid, ifølgje Landro.

Fortøying ok

Heile kaianlegget er nytt, med god plass til å fortøya.
Heile kaianlegget er nytt, med god plass for friluftsfolket til å fortøya. Naustet i midten skal verta undervisningslokale. Foto: BOF.

Fortøyning har vore eit problem så lenge BOF har vore på Hitsøy. Heretter kan besøkjande til friområdet nytta heile kaianlegget utan fare for konflikter.

Endringane er merkbare alt på kaikanten. Så og seie heile kaiområdet er nytt. Felleskaien er rusta opp i samarbeid med Sotra Jeger og Fiskerforbund. Det same er BOF sitt nyerverva kaianlegg. For å letta tilkomsten for folk som er dårleg til beins, og for padlarar, har dei lagt ut ei 12 meter flytebryggja med tilkomst frå begge sider.

Tilkomst
BOF snakkar no med Kystverket om å få overta ansvaret for moloen. Då vil besøkjande til friområdet kunna leggja til her og. Går det som Landro håpar og trur, kjem avtalen på plass før sommaren.

BOF har og tenkt på all dei som ikkje er så heldig at dei har eigen båt, og dei som treng ein stad å setja ut båten. Tanken er at dei skal kunna koma til Hitsøy gjennom eit samarbeid med Fjell Kystlag og anlegget deira på Storasund. Her skal ein kunna parkera bilen og setja ut ein båt – eller følja ein av Kystlaget sine båtar til øyane vest i havet. BOF-leiaren håpar at også denne avtalen er på plass før sommaren.

Sotrastrilar med overskot
Det store bustadhuset har tidlegare vore gjennom ei omfattande restaurering i samarbeid med ekspertar frå Kunsthøgskulen i Bergen. Bustadhuset er bygd i tømmer og har mange fine originale utskjæringar. No er det gjenskapt i sin fordums glans, der gammalt og nytt flyt saman på ein god måte, seier Landro.

– Huset er eit fint minne om den ekte kystkulturen i Fjell. Det vitnar om at Sotrastrilane som bygde det levde godt. Dei hadde kyr, sauer og eit rikt fiske som gav overskot til å byggja eit solid og ordentleg hus, seier Landro.

Motbevisa mytar
Med eit slikt stashus som base, gler BOF-leiaren seg til å kunna motbevisa mytane om kor armodsleg og fattig Sotrastrilen hadde det for 100 år sidan.

Bustadhuset vert i dag nytta til utleige. Til no har utleige berre vore sporadisk, men målet er å få til ei stabil drift.

Skilting
Framleis bur det fastbuande på Hitsøy. Det er også nokre hytter på øya. Sauer finst her i hopetal og dei går ute heile året.

Før sommaren skal friområdet vera merka og stiane skilta, slik at det ikkje er nokon tvil om når du er i eit offentleg friområde og når du er i ferd med å kryssa grensa til privat område.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s