Legg ned bankfilialar

Siste kapittel i bankhistorien i Sund vert skrive når Sparebanken Vest legg ned filialen i Skogsvågskiftet. Filialen på Ågotnes skal og stengja dørene.

Siste banken i Sund - Sparebanken Vest sin filial i Skogsvågskiftet.
Siste banken i Sund – Sparebanken Vest sin filial i Skogsvågskiftet.

Har du merka det du og? At det ikkje lenger er kø i banken? Stadig fleire bankkundar vel å utføra dei daglegdagse bankærenda sine i nettbanken eller på mobil.

No er den teknologiske vridninga blitt så tydeleg at Sparebanken Vest ser seg nøydd til å leggja ned ni filialar – to av dei på Sotra.

Siste banken i Sund
Sparebanken Vest har lenge vore einaste banken i Sund. I løpet av året lukkar dei dørane for godt. Det same skal skje i filialen på Ågotnes, seier banksjef Rune Straume til Tunnelsyn.no.

10 årsverk
Dei to filialane har til saman kring 10 årsverk. Det betyr ikkje at dei som jobbar der i dag vil verta overtallige. Det vil verta gjennomført ein grundig vurdering av kompetansen til den einskilde, før det vil verta avgjort kven som eventuelt vil få tilbod om sluttpakke, understrekar Straume.

Stengjinga av filialane i Skogsvågskiftet og på Ågotnes skal vera gjennomført innan utgangen av 2016. Endeleg tidspunkt er ikkje avgjort.

Teknologiskifte
– Det er teknologiskiftet og kundane si endring av åtferd som tvingar fram denne endringa. Dette er ein veldig krevjande situasjon, og ikkje noko verken dei tilsette eller toppleiinga ønskjer, seier Straume.

– Bankkundane på Sotra og i Øygarden vil framleis få dekka behova sine for rådgjeving og finansiering i eit solid fagleg miljø på Straume, understrekar banksjefen.

Hengja med
Hausten 2014 starta Sparebanken Vest ein prosess for å tilpassa ressursane til endringar i kundane sine behov. Den gongen såg dei føre seg at utviklinga ville skje gradvis fram mot 2020.

– Den teknologiske utviklinga innan bank og finans skjer så fort at vi berre var nøydde til å ta grep for å henga med, seier Straume.

Mobilbetaling
Berre sidan Sparebanken Vest innførte tilbodet om mobilbank for fem år sidan, har det blitt gjort 15 millionar påloggingar med mobil. Mobilbanken vert no meir nytta til betalingstransaksjonar enn nettbanken, fortel Straume.

– Det er ikkje så veldig mange år sidan vi hadde kø i filialane i januar av kundar som ville ha rentene skrivne inn i bankbøkene sine, mimrar han.

Krav til eigenkapital
Det er mange ting som heng saman i denne situasjonen. Den teknologiske utviklinga aleine utgjer ikkje heile forklaringa. Dei nye regulatoriske krava til 14,5 prosent eigenkapital førte til at banken måtte ut i marknaden for å henta inn 750 millionar kroner, medverkar også, ifølgje Straume.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s