Diskuterte å setja munnkorg på politikarane

God stemnig og effektivt arbeid prega første dag av forhandlingane om ei eventuell kommunesamanslåing mellom Fjell, Sund og Øygarden. To tema fyrte likevel opp under engasjementet i forsamlinga.

Dei tre ordførarane Kari-Anne Landro, Børge Haugetun og Marianne Bjorøy har funne tonen for forhandlingane.
Dei tre ordførarane Kari-Anne Landro, Børge Haugetun og Marianne Bjorøy har funne tonen for forhandlingane.

13 politikarar – fem kvinner og åtte menn – frå dei tre kommunane møttes i dag til innleiande forhandlingar til det dei antek skal verta framlegg til ein intensjonsavtale om ein felles storkommune med oppunder 40.000 innbyggjarar.

Opne møte
Etter påtrykk frå media er det no klart at samtlege forhandlingsmøte vil vera opne for media og publikum. Konklusjonane frå kvar dags møte skal dessutan offentleggjerast på kommunane sine eigne heimesider, er forhandlingsutvalet samde om.

Munnkorg
Det var difor fleire som heva augnebryna då først Marianne Bjorøy (Fjell, A) og seinare Jogeir Sognnæs (Sund, A) kom med framlegg om å gje delegatane munnkorg inntil ein eventuell intensjonsavtale er underskriven. Dei skulle ikkje uttala seg til pressa, med synspunkt på forhandlingane, eller argumentera offentleg for eller mot tema på dagsorden.

– Vanskeleg å gjennomføra i praksis, meinte Tom Georg Indrevik (Fjell, H). Sjølv har han avtalt å halda fleire presentasjonar i nær framtid der kommunesamanslåinga vil vera tema.

– Dette vil jo vera å leggja lokk på debatten. At vi ikkje får lov til å uttala oss offentleg om det vi forhandlar om, innvendte Børge Haugetun (Øygarden, Tverrpolitisk).

– Ein unødvendig diskusjon, sett i lys av at møta skal vera opne, og det skal refererast frå arbeidet, sa Svein Bergh (Fjell, Sotralista).

Ka ska badn’e heita?
Alle prosjekt bør ha ein arbeidstittel. Kva tenkjer vi oss at den felles storkommunen skal heita?

Spørsmålet engasjerte, delegatane stilte godt førebudde og navneforslaga hagla. ”Øygarden” hadde mange tilhengjarar både i og utanfor heimkommunen – og nokre engasjerte motstandarar. Skjergard, Øyane, Strile-kommunen og Sartor vart alle henta fram, drøfta og forkasta.

– Vi må ha eit nøytralt navn i arbeidsdokumentet. Den endelege diskusjonen kan vi ta seinare, meinte Nils Kåre Skoge (Sund, H).

Enden på visa vart at forhandlingsutvalet lot temaet kvila. Dei klarte ikkje varta samde i dag.

Straume
Då var det klart einklare å sjå Straume som framtidig kommunesenter. Her er det alt samla så mange offentlege funksjonar, at det vil vera naturleg, også i eit 50-års perspektiv, sa Haugetun.

Skogsvågskiftet og Rong må framhevast kommundelsenter. Fleire mindre tettstadar må og få melding om at dei er verdsette og at det er ønskjeleg å satsa der.

Arbeidsplan

Korleis gjer vi dette? Første forhandlingsdagen var prega av mykje drøfting av prinsipp og retningsliner for det vidare arbeidet. Her ordstyrar Kari-Anne Landro i samtale med Børge Haugetun, Marianne Bjorøy og Lillian torsvik frå administrasjonen.
Korleis gjer vi dette? Første forhandlingsdagen var prega av mykje drøfting av prinsipp og retningsliner for det vidare arbeidet. Her ordstyrar Kari-Anne Landro i samtale med Børge Haugetun, Marianne Bjorøy og Lillian torsvik frå administrasjonen.

Mesteparten av dagen gjekk med til å verta samde om kva tema som bør vera med i det endelege framlegget til intensjonsavtale. Ordstyrar Kari-Anne Landro (Sund, H) losa forhandlingsutvalet gjennom ein diskusjon som enda med at intensjonsavtalen for Meland, Radøy og Lindås, med eindel justeringar, skal nyttast som mal for kva forhandlingsdelegatane håpar å oppnå.

– Dei tre kommunane er om lag som oss. To små og ein stor. Rett nok er kvar kommune unik, mellom anna når det gjeld historie, kultur, befolkningssamansetjing og næringsliv, men alle har vi same krav på oss om kva tenester vi er lovpålagt å yta innbyggjarane, sa Indrevik.

Fordelar og ulemper
Anita Garlid Johansen (Fjell, FrP) var oppteken av å få fram både positive og negative sider ved avtaleframlegget som eit eige punkt.

-Fordelar og ulemper er viktig å få fram, men det bør i staden framgå av informasjonsarbeidet på folkemøta, og ikkje av sjølve avtalen, samstemte Kari-Anne Landro.

Trond Wincentsen frå konsulentverksemda Sonat er hyrt inn for å fungera som prosessrettleiar og ordstyrar for det vidare arbeidet.

Til påske
Forslaget til intensjonsavtale skal vera ferdig til påske. I april og mai skal det gjennomførast innbyggjarundersøkingar og folkemøte for å informera og sikra forankring hos veljarane for ein eventuell samanslåing. Noko folkeavstemming vert det truleg ikkje.

Endeleg vedtak vil verta fatta i dei tre kommunestyra eingong i siste halvdel av juni.

Les forslaget til intensjonsavtale for Radøy, Meland og Lindås

Les meir:
– Straume eit naturleg kommunesenter.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s