Einklare å låna ebøker

Stadig fleire les bøker på nettbrett og mobil. Askøy folkebibliotek har vore pilotbrukar på appen som skal gjera det enda einklare å låna ebøker.

Biblioteksjef Irene Hantveit ved Askøy folkebibliotek les gjerne ebøker på nettbrett.
Biblioteksjef Irene Hantveit ved Askøy folkebibliotek les gjerne ebøker på nettbrett.

Det er Fylkesbiblioteket i Hordaland som organiserer ebokutlånet i kommunane i fylket. Dei skiftar i desse dagar utlånsystem frå BS Weblån til eBokBib.

Nedlastbar app
– Brukarane kjem til å merka overgangen ved at dei no først må lasta ned appen eBokBib til mobilen eller nettbrettet for å låna ebøker. Appen finst både for IOS og Android, fortel seniorrådgjevar Elin Golten ved Fylkesbiblioteket i Hordland til Tunnelsyn.no.

Nøgd
Folkebiblioteket på Askøy har nytta det nye systemet i to år alt, som eit supplement til det systemet fylkesbiblioteket no forlet. Dei har rukke å samla erfaring med begge løysingane. Biblioteksjef Irene Hantveit er strålande nøgd med at eBokBib no skal verta einaste utlånssystemet for ebøker.

Fleire bøker
– Det nye systemet er veldig einkelt. Lånarane får dessutan fleire bøker å velja mellom, særleg barnebøker, men og bøker som har vist seg å vera svært populære, seier Hantveit.

Den digitale bokhylla er felles for heile fylket og inneheld for tida kring 7,500 titlar.

For å få tilgang, må du vera registrert som brukar ved eitt av folkebiblioteka.

Skulle du få startproblem, kan dei tilsette på Askøy folkebibliotek gje den hjelpa du treng, mellom anna som ein del av tilbodet «SeniorSurf», fortel biblioteksjefen.

Mange fordelar
Digitale bøker har mange fordelar framfor papirbøker, har biblioteksjefen erfart.

-Ebøker er lette å frakta med seg. Lånet er uanhengig av stad og bilbioteka sine opningstider. Er du på ferie og står utan lesestoff, er det fort gjort å lasta ned ei ekstra bok, reklamerer Hantveit.

– Einast eg ville tenkt med om før eg tek ebøker med meg på stranda, smiler ho.

Elydbøker på vent
Dei som har vente utolmodig på å kunna låna elydbøker, må smøra seg med tolmod. Manglande avklaring av juridiske rettar, har utsett lanseringa på utbestemt tid, fortel Golten.

Les også:
Ebøker for digitale strilar
Fjellsokningane pådrivar for digitale bibliotektenester

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s