Ber Sanner avklara

I utbyggingskommunen Fjell hender det ikkje så sjeldan at det vert gjeve dispensasjon for utskiljing av bustadtomtar, også i LNF-område. Skal fylkesmannen kunna nekta tomtekjøparen å byggja på tomten?

Jan tore Sanner
– Når det er gjeve dispensasjon til å dela frå ein eigedom, og der Fylkesmannen klagar på dispensasjonen på oppføring av bustad, kan det sjå ut som ”omkamp”, skriv Fjell kommune i brevet til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. (Foto: Torbjørn Tandberg/ KMD)

Plan og byggjesakavdelinga i Fjell er usamd med fylkesmannen om tolkinga av lovteksten i Plan og bygningslova §19-2. No tek dei diskusjonen heilt til topps og ber kommunalminister Jan Tore Sanner avklara.

To dispensasjonssøknadar
Dagens praksis tilseier at tomtekjøparen i slike tilfelle må søkja om to dispensasjonar. Først om løyve til utskiljing, og seinare om å få lov til å byggja.

– Fylkesmannen har vore negativ til bygging på tomtar som nyleg er delte frå, skriv Fjell kommune i brevet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Avslørt tidstjuv
Juristane i kommunen har finlest teksten på departementet sine heimesider. No øynar dei at dei kan ha avslørt ein tidstjuv i fylkesmannen sin omstendelege praktisering av dispensasjonsparagrafen.

– Fjell kommune er av den oppfatning at når det er gjeve dispensasjon for deling av bustadtomt, er det bestemt at det på denne tomta skal kunna først opp ein bustad, skriv kommunen i brevet.

Omkamp
– Når det er gjeve dispensasjon til å dela frå ein eigedom, og der Fylkesmannen klagar på dispensasjonen på oppføring av bustad, kan det sjå ut som ”omkamp”, står det vidare i brevet.

I slike tilfelle må fylkesmannen nøya seg med å ta stilling til utforminga og plasseringa av det konkrete bygget, meinar Fjell kommune.

Ventar i spaning
Her i Fjell er det fleire som ventar i spaning på avklaringa i Oslo.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s