– Det er innført delings- og byggjeforbod på Nordre Litle Sotra

– Det er i praksis innført eit delings- og byggeforbod på Nordre Litle Sotra, hevdar Daniel Victor Sandvik. Frp-veteranen er opprørt over at kravet om overordna kommunedelplan legg hinder i vegen for familiar som ønskjer å byggja på strøtomtar i eksisterande bustadområde.

- Arbeidet med kommunedelplanen for Nordre Litle Sotra burde ha vore sett i gang for lengs, hevdar Daniel Victor Sandvik (FrP).
– Arbeidet med kommunedelplanen for Nordre Litle Sotra burde ha vore sett i gang for lengst, hevdar Daniel Victor Sandvik (FrP).

I dagens møte i Komite for plan og utvikling vart det vedteke å utsetja behandlinga av bygginga av to blokker på Gamle Foldnes Gard. Framlegget til detaljreguleringsplan var oppe til tredje gongs behandling i komiteen. Noko som i seg sjølv er uvanleg. Vanlegvis vil ein plan gå vidare til kommunestyret for godkjenning etter to rundar i KPU.

Sandvik fryktar utsetjinga inngår i eit mønster.

Fryktar omkamp
Etter framlegg frå Sandvik vedtok KPU i januarmøtet å omgjera to klagesaker på avviste dispensasjonssøknader om bygging av einebustadar på strøtomtar i eksisterande bustadområde på Foldnes. Tomtane er relativt nyleg utskilte, og med bustad som føremål. Begge søknadane fekk likevel nei i fleire rundar i kommunen. No går vedtaka i KPU til fylkesmannen for vurdering.

Sandvik fryktar omkamp.

Krav om områderegulering
Rota til problemet, slik Sandvik ser det, er den ferske arealplanen for Fjell som vart vedteken i kommunestyret i vår. Her vert det krevd at det skal utarbeidast ein overordna kommunedelplan for heile nordre delen av Litle Sotra. Eksisterande bustadområde i grendene Foldnes, Anglevik og Våge vert også omfatta av kravet om overordna plan, trass i at det ikkje knapt finst strøtomtar att i dei populære einebustadområda.

Planhierarki
Arbeidet med kommundeleplanen er enno ikkje starta. Når det vil skje, vil verta avgjort i arbeidet med ein kommunal planstrategi, opplyste komiteleiar Henning Ekerhovd (A). Arbeidet med den kommunale planstrategien er heller ikkje påbegynt enno.

Det er komite for drift (KDF) som skal utarbeida planstrategien. Her er kommunestyret lova ei orientering om framdrifta i marsmøtet.

Burde ha vore starta
– Arbeidet med områdereguleringsplanen burde ha starta for lengst. I påvente av at den skal verta ferdig, er det i praksis innført dele- og byggjeforbod i bygdene på nordre delen av Litle Sotra, hevdar Sandvik.

Varaordførar Tom Georg Indrevik (H), var leiar for KPU og den som dreiv gjennom arealplanen for Fjell for 2015 – 2027. Han har lita forståing for Sandvik sine synspunkt.

Indrevik overraska
– Eg er litt overraska over at representanten Daniel Victor Sandvik er opprørt over dette.  Han var sjølv med å utarbeida kommuneplanen sin arealdel som blant anna inneheld forslaget om at det skal utarbeidast ein eigen kommunedelplan for Nordre Lille Sotra. Med en slik plan vil vi sikra ei helhetlig utvikling av området, og ikke minst få en plan på hvordan vi skal få løst utfordringene i forhold til infrastruktur.

– Dei som hadde starta på arbeidet med einkelttomtar før vedtaket i juni 2015, må det gjerast ei særlig vurdering av, seier Indrevik.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s