Dokumentavgifta – argument for nytt kommunenavn?

Svein Bergh (Sotra Lista) fryktar han har oppdaga ein ekstrakostnad i mangemillionar-klassen i tilfelle kommunesamanslåinga mellom Fjell, Sund og Øygarden vert noko av.

 Svein Bergh
– Den samla dokumentavgifta vil verta lågare dersom den nye kommunen vert heitande Fjell, argumenterer Svein Bergh.

Næringslivsleiaren jobbar til dagleg med eigedomsutvikling og har tinglysing av selde og overdregne eigedomar som ein del av jobben. Han veit at dokumentavgifta i slike saker kan svi.

Kompetanseoverføring
Bergh er også opposisjonen i Fjell sin mann i forhandlingsutvalet for kommunestrukturen. No har han nytta fagkompetansen frå eigedomsbransjen til å stilla spørsmål om kva som hender dersom det vert noko av kommunesamanslåinga.

Omregistrera
– Om dei tre kommunane slår seg saman, må alle kommunale eigedomar omregistrerast til den nye kommunen, seier Bergh.

– Har nokon oversikt over kostnaden knytta til dokumentavgift ved omregistrering av alt vi eig og har? Reknar vi med Fjellvar og Bustadstiftinga, må dreia seg om mangfaldige millionar, berre i Fjell, spurte Bergh i dagens formannskapsmøte i Fjell.

Ukjent spørsmål
– Interessant spørsmål. Det har eg faktisk aldri hørt nevnt før. Dokumentavgifta utgjer fire prosent av eigedomsverdien. Om vi må ut med det for alle bygg i kommunen, vert det ein gigantsum, svara rådmann Steinar Næss.

Navnet avgjer
Med spørsmålet plasserer Bergh eit nytt argument i navnestriden i forhandlingsutvalet.

Får den nye kommunen same navn som ein av dagens kommunar, vil kravet om omregistrering gjelda berre eigedomane i dei to andre.

Fjell – det mest lønsame navnet
– Fjell er størst og har flest kommunale eigedomar. Den samla dokumentavgifta vil dermed verta lågare om den nye kommunen vert heitande Fjell, argumenterte Bergh.

Tek situasjonen med ro
Rådmann Steinar Nesse lova å ta spørsmålet opp med Sponheim. Førebels tek han situasjonen heilt med ro:

– Det kan godt vera dei har avklart noko hos fylkesmannen. I så fall er dette heilt uproblematisk, seier Nesse.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s