Solvik-Olsen villeiar om Sotrasambandet

Det er ikkje rett at lokalpolitikarane har fått alt dei peika på i planlegginga av det nye Sotrasambandet. Ordførar Marianna Bjorøy og formannskapet i Fjell vil fortelja korleis det verkeleg heng saman.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen feilinformerte media om lokalpolitikarane sitt ansvar for sluttkostnaden for Sotrasambandet, meinar formannskapet i Fjell.
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen feilinformerte media om lokalpolitikarane sitt ansvar for sluttkostnaden for Sotrasambandet, meinar formannskapet i Fjell.

I morgonsendinga i NRK Hordaland i dag la samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen ansvaret for at sluttkostnaden for Sotrasambandet ser ut til å enda i underkant av ni millionar kroner på lokalpolitikarane.

– Lokalpolitikarane hadde fått alt dei peika på, hevda samferselsministeren.

Ordførar Marianne Bjorøy (A) og dei andre politikarane i formannskapet i Fjell kjenner seg ikkje att i samferdselsministeren sine skuldingar.

Vegnormal N100
– Ansvaret for at sluttkostnaden for Sotrasambandet ligg hos vegnormalen N100, som Statens vegvesen har nytta i arbeidet, hevdar ordføraren.

Ettersom planlegginga har skride fram, har politikarane i Fjell snakka oss i mellom om at standarden kanskje er for høg, sa Bjorøy.

Dette har vi ikkje bedt om
– Fjell har kjørt ei veldig nøktern linje gjennom heile prosessen, supplerer rådmann Steinar Nesse.

– Det er ikkje vi som har bedt om ein gang og sykkelvel med fem meters breidde langs heile traseen. Det er heller ikkje vi som har bedt om ein lang tunnel gjennom Drotningsvik til 800 millionar, utdjupa rådmannen.

– Staten må ta ansvaret for sluttkostnaden, sidan det er dei som har drive planlegging fram. Staten må ta rekninga, sa Nesse.

For seint å endra
– Det er for seint å byrja å endra på reguleringsplanen no. Då må vi berre utsetja, og det er vi ikkje interesserte i. Vi må følja det løpet vi har lagt opp til, med endeleg godkjenning av reguleringsplanen før sommaren, og finansiering gjennom Nasjonaltransportplan våren 2017, sa Bjorøy.

– Eg ser ikkje korleis vi skal kunna driva gjennom finansieringa. Eg er redd vi må endra reguleringsplanen, eller seia at vi ikkje vil ha det nye sambandet, sa Svein Bergh (Sotra Lista).

Då stengjer dei brua
– Om vi seier nei, stengjer Statens vegvesen berre brua for langvarig vedlikehald, sukka Bjorøy.

Sterk konkurranse
Konkurransen om vegmidlane på Vestlandet er sterk. I Hordaland er det E39 og E16 som har fått mest merksemd, konstaterte varaordførar Tom Georg Indrevik (H).

– Kanskje vi ikkje har halde sterkt nok trykk i det siste.

– Det er leit at vi kom så seint i gang. Vi har stolt på systemet, at tinga går av seg sjølv, sa Anita Garlid Johannessen (Frp).

FrP si førstedame i Fjell åt lunsj med samferdselsministeren som ho karakteriserer som ”den mest populære politikaren i FrP”, under årsmøtet sist helg, og gjorde kva ho kunne for å fremja gode argument i Sotrasambandet sin favør.

Skotårsmarkering
29. februar legg fagetatane fram sitt forslag til Nasjonal Transportplan. Då vil det visa seg kor mykje Statens vegvesen vil setja av til Sotrasambandet.

– Dette vert eit politisk spel heilt til det siste. No må vi konsentrera innsatsen om å få vedteken reguleringsplanen og bompengesøknaden, sa Indrevik.

– Eg har tru på at sambandet vil verta bygd – i ein eller annan form.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s