Færre fekk medhald hos fylkesmannen

Talet på byggesaksklager til fylkesmannen i Hordaland auka med 24 prosent i fjor. Færre fekk medhald. Asketappar klagar mest.

Dei som har teke ein rask kikk på sakslista til Komite for Plan og utvikling i Fjell, eller for tilsvarande organ i dei andre kommunane i region vest, veit at klagesaker utgjer ein vesentleg del av dokumentbunken.

Askøy på topp
Ein del av sakene vert sendt til fylkesmannen Hordaland for endeleg avgjerd. Av kommunane vestom Bergen, skil Askøy seg klart ut. Asketappar som var misnøgde med eit vedtak i henhald i heimkommunen, stod for heile 12 prosent av alle klagene til fylkesmannen i plan- og bygge saker i fjor.

Med 78 klager til fylkesmannen, fekk Askøy kommune i fjor heile 70 prosent fleire klager på kommunale byggesaksvedtak enn Fjell. Fjellsokningane klaga i 46 saker. Frå Sund vart det motteke 11 klager, og frå Øygarden sju, ifølgje seksjonsleiar Anne Kjersti Sande i kommunal og samfunnsplanavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland.

Auke på 24 prosent
Ser vi heile fylket under eitt, er det langt fleire som har oppdaga fylkesmannen i Hordaland som klageinnstans for kommunale vedtak i byggesaker. Totalt mottok fylkesmannen i Hordaland 640 byggesaksklager i fjor. Det er heile 123 fleire enn året før. Ein auke på 24 prosent.

For Fjell, Askøy, Sund og Øygarden har talet på klagesaker halde seg nokonlunde stabilt dei siste åra.

Færre fekk medhald
I 2015 førte 95, eller 15 prosent, av klagene til at kommunane sine vedtak vart omgjort eller oppheva.

Av dei 517 klagene som vart behandla i 2014, var det 17 prosent som førte til omgjering eller oppheving av vedtaka, ifølgje Sande.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s