Navnestrid

Representantane frå Øygarden er ikkje villig til å gje slepp på Øygarden som navn på ein felles kommune. Navnet framstår som det mest konfliktfylte temaet etter tre møte i forhandlingsutvalet.

- Øygarden vert den kommunen der det vert vanskelegast å selja inn ei kommunesamanslåing til innbyggjarane. Får vi behalda navnet, vil det gå einklare, hevdar ordførar Børge Haugetun i Øygarden.
– Øygarden vert den kommunen der det vert vanskelegast å selja inn ei kommunesamanslåing til innbyggjarane. Får vi behalda navnet, vil det gå einklare, hevdar ordførar Børge Haugetun i Øygarden.

Spørsmålet om kommunenavn, eventuelt berre arbeidstittel på prosjektet, kom raskt på dagsorden då dei 13 medlemmane i forhandlingsutvalet møttes på Rong i går.

Beskriv heile området
– Øygarden er ikkje berre navnet på ein kommune. Øygarden er ein beskrivelse som favnar heile området vest for Bergen. Om Øygarden ikkje vert kommunenavn, kan vi like godt gå heim, hevda Espen Harkestad (A, Øygarden).

Svein Bergh (Sotra Lista, Fjell) såg helst at ein ny kommune vert heitande Øyriket.

Arbeidstittel
Navnediskusjonen kan venta til vi veit om det vert nokon samanslåing. Inntil vidare kan prosjektet ha ”Kommunereforma Vest” som arbedstittel, meinte Nils Arne Skoge (H, Sund).

– Øygarden er den kommunen der det vil vera vanskelegast å selja inn tanken på ein felles kommune inn til innbyggjarane. Det vil verta lettare dersom vi får behalda Øygarden-navnet, sa Andreas Kallekleiv (H, Øygarden)

Forslag om avstemming
Tom Georg Indrevik (H, Fjell) frykta enno ein lang navnediskusjon, og foreslo å skjæra gjennom med ein avstemming med lappar.

Øygardsordførar Børre Haugetun var samd med Indrevik i et her måtte det ein avstemming til:

– Vi stemmer over Øygarden eller ikkje, og så får vi eventuelt ta andre navn etterpå, sa Haugetun.

Ultimatum?
– Forstår eg det slik at dersom navnet ikkje vert Øygarden, så er vi omtrent ferdige her, spurte Bergh.

– Det er ikkje så einkelt. Det vi seier er at navnet Øygarden er viktig, skal vi selja dette inn til innbyggjarane våre, utdjupa Kallekleiv for å roa stemninga.

Viktig å vera raus
– Vi har tidlegare snakka om kor viktig det er å vera rause i desse forhandlingane. Eg oppfattar ikkje dette som raust. Øygarden er ikkje eit akseptabelt navn for meg. Det er ikkje eingong sikkert dei vert med i ein felles kommune. Då sit vi med to kommunar som heiter Øygarden, innvendte Anita Garlid Johannesen (FrP, Fjell) og la til at ho støtta Skoge sitt forslag.

Både Marianne Bjorøy og den innleigde ordstyraren Trond Wincentsen syntes no tydelegvis at nok var nok. Navnestriden vert å koma tilbake til.

Les også:
Diskuterte å setja munnkorg på politikarane
– Straume – eit naturleg kommunesenter
Ville gje Vestnytt eksklusivitet på omtale av politisk rapport

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s