Kostnadssprekk på Bildøyvegen

Å opparbeida gang- og sykkelsti langsmed Bildøyvegen vert nesten dobbelt så dyrt som det Trafikksikringsplanen budsjetterer med.

Bildøyvegen. Trafikksikring
Skuleveg. Dagens veg er så smal at bussen må stoppa og venta for at privatbilane skal kunna smyga seg forbi.

Det var rådmann Steinar Nesse i Fjell som fortalde dette under formannskapsmøtet nyleg.

Med livet som innsats
Gamlevegen over Bildøy er både smal og kronglete. Mange stadar er det uråd for to personbilar å passera kvarandre. Ungdomane frå Kolltveit ferdast langsmed skulevegen med livet som innsats på si dagelege ferd til ungdomsskulen og Sotra Vidaregåande.

Stort tiltak
Gang og sykkelvegen langsmed gamlevegen over Bildøy frå Gamle Straumsbru til brua over Bildestraumen er eit av dei største tiltaka i trafikksikringsplanen for 2012 – 2016/20. Kostnaden med å utvida vegbanen til to felt med gul midtstripe og opparbeida gang- og sykkelsti langsmed den 1200 meter lange vegen vert i planen stipulert til 20 millionar kroner.

Ei utbetring av Gamle Straumsbru vert ikkje omfatta av tiltaket.

38 millionar
Anbodsrunden som vart gjennomført etter at utkastet til detaljreguleringsplan førelåg i fjor haust, viser at prislappen på trafikksikringstiltaket nærast må doblast. 38 millionar er rimelegaste tilbodet kommunen har motteke på utbetringa av vegen, ifølgje Ness.

Vegnormal N100
Detaljreguleringsplanen er prosjektert i samsvar med Statens vegvesen sin vegnormal N100. Det vil seia at vegbreidda skal aukast frå 3,5 til 6,5 meter. På innsida skal det i tillegg lagast ein gang- og sykkelsti med ei breidde på 3,5 meter.

Drepen for små prosjekt
– N100 er drepen for slike små trafikksikringstiltak. Standarden har krav som bring kostnaden for små prosjekt i veret. Dermed får vi ikkje gjennomført så mange trafikksikringstiltak som vi ønskjer, hevda varaordførar Tom Georg Indrevik.

Fryktar auka trafikkmengde
Innbyggjarane på Bildøy er glade for trafikksikringstiltaka, men har tidlegare uttrykt til Tunnelsyn at dei er skeptisk til om gul midtstripe er tingen. Helst vil dei behalda fartsdumpane og dagens fartsgrense på 30 og 40 kilometer i timen. Dei fryktar at ei slik oppgradering av vegstandarden vil føra til ei mangedobling av trafikkmengda i den kommunale vegen.

Detaljreguleringsplanen er ikkje vedteken. Heile prosjektet kjem opp til politisk behandling i vår.

Les også:
Skeptisk til trafikksikringstiltakTrafikksikringsplan for 2012 – 2016/2020

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s