Utbyggjar vil heller byggja småhus

Eide Boligutvikling klarte ikkje å få seld dei 30 blokkleilighetene på Angeltveit Vest. Istaden søkte dei dispensasjon frå sin eigen reguleringsplan for å byggja småhus.

Blokk i solnadegang. Desse blokkleilighetane på Angeltveit har vist seg vanskelege å selja.
Blokk i solnadegang. Desse blokkleilighetane på Angeltveit har vist seg vanskelege å selja.

Komite for plan og utvikling fekk sist veke ein uvanleg dispensasjonssøknad på bordet.

Etter lengre tid på marknaden, har den lokale eigedomsaktøren Eide Boligutvikling AS gjeve opp å få seld prospektet med to bustadblokker med til saman 30 leiligheter på Angeltveit Vest. Kvar av blokkene skulle ha tre etasjar oppå parkeringskjellar.

I staden ønskjer dei å byggja 30 toetasjes småhus i tre rekkjer. Arealutnyttinga vil verta den same.

Avgrensa marknad
Angeltveit Vest er i dag utbygd med småhus og einebustadar. Eide Boligutvikling meinar at småhus i rekkje vil vera betre tilpassa den eksisterande busetnaden. Småhus vil også verka mindre ruvande i kystlandskapet.

Etter å ha prøvd marknaden over lengre tid, konstaterer dei at tilbodet om blokkleiligheter i området har fått negativ respons hos kundane.

– Vi i Eide Gruppen As har bygd ei lavblokk i dette byggjefeltet og opplever at der er ein avgrensa marknad for denne typen bygg i eit området som ikkje er sentrumsnært, skriv prosjektleiar Kjetil Lavik i eit utdjupande skriv til komitemedlemmane.

Høge byggekostnadar
Det sviktande salet har også noko med kostnadar å gjera, ifølgje utbyggjar.

– Vi ser at kundegruppa i dette området vert svært begrensa når byggjekostnadane vert for høge, skriv Lavik.

Ubalanse i marknaden
Bustadmeldinga for Fjell konstaterer at det er ein ubalanse i bustadmarknaden i kommunen. Det er for mange einebustadar og for få leiligheter.

Som eit resultat av den ønska politikken vert det lagt opp til ei storstilt bygging av blokkleiligheter. I løpet av få år er bustadmarknaden snudd. Av dei 290 bustadane som for tida er til sals i Fjell, kan kjøparane velja mellom heile 209 leiligheter, og berre 53 einebustadar.

Tommelen ned
Politikarane i KPU vende tommelen ned. Det gjorde dei utan å ta stilling til spørsmålet om småhus kontra blokkleiligheter på Angeltveit.

Eide Boligutvikling vart straffa for det formelle. Tilbakemeldinga til utbyggjar gjekk på at det fekk vera grenser for kva det skal vera mogeleg å søkja om dispensasjon for. Dispensasjonssøknadar er noko ein så langt råd er bør unngå. Dei bør i alle fall ikkje foreslå slike omfattande endringar samanlikna med gjeldande reguleringsplan.

Kjell Rune Garlid (Sotra Lista), antyda at komiteen truleg hadde vurdert søknaden annleis dersom dei istaden hadde fått ein forespørsel om reguleringsendring.

Les også:
Langt frå sutalaust
Einebustadane sin talsmann

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s