Difor får vi inga folkerøysting

Lokaldemokratiet vert nedprioritert når politikarane i Fjell, Sund og Øygarden forhandlar om kommunesamanslåing. Istaden vel forhandlingsutvalet å vera lydige mot Erna.

På møtet i Øygarden sist veke vart det lagt fram utkast til ein kommunikasjonsplan for kommunesamanslåingsprosessen i Fjell, Sund og Øygarden.

Noko folkerøysting vert ikkje nemnt i kommunikasjonsplanen for prosessen i Fjell, Sund og Øygarden.

Ingen av dei 13 forhandlingsdelegatane fremma heller forslag om å høra korvidt innbyggjarane i regionen ønskjer å seia noko klart ”ja” eller ”nei” til ei kommunesamanslåing.

Opprør mot Regjeringa
Førebels har 155 norske kommunar vedteke å halda folkerøysting om kommunesamanslåing. Fleire vil det truleg verta, i følgje undersøkinga Klassekampen har gjennomført hos dei 19 fylkesmennene i Norge.

Kommunane trassar Regjeringa, leia av statsminister Erna Solberg og kommunalminister Jan Tore Sanner, sine tilrådingar om å droppa folkerøysting og heller gjennomføra spørjeundersøkingar.

Kontroversielt tema
Valforskar Anders Todal Jensen ved NTNU er ikkje overraska over at så mange kommunar vel å arrangera folkerøystingar. Spørsmålet om kommunesamanslåing er meir kontroversielt enn eindel politikarar likar å tru, seier Todal Jensen til Klassekampen.

– Det vil nok vera ein betydeleg sjanse for at fleirtalet av folkeavstemmingane endar med ”nei”, legg valforskaren til.

Lydige mot prosessen
Kommunikasjonsplanen for prosessen i Fjell, Sund og Øygarden er lydig mot statsministeren sine anbefalingar.

Rein informasjonsplan
Kommunikasjonsplanen for Fjell, Sund og Øygarden har som mål at innbyggjarane skal verta haldne informerte om prosessen. Målet speglar seg og i dei tiltaka som vert føreslegne. Her vert det lista opp reine informasjonstiltak som eiga nettside, likelydande saker på alle dei tre kommunane sine nettsider, brosjyrer, folkemøte og innbyggjarundersøking.

Folket seier ”nei”
I samband med lokalvalet hausten 2015 vart det gjennomført 14 folkerøystingar om samanslåing. I to tilfelle vart svaret ”ja”. 11 svarte ”nei”, og ein enda uavgjort, ifølgje Klassekampen.

10 av kommunane hadde tidlegare gjennomført spørjeundersøkingar om samanslåing – slik det vert lagt opp til også her vest. Medan spørjeundersøkinga viste markerte ja-fleirtal, snudde folkefleirtalet resultatet til eit klart ”nei”.

Grader av lokaldemokrati
Ei folkerøysting vil, ifølgje den amerikanske forskaren Sherry Arnstein, vera høgaste nivået av praktisering av lokaldemokrati.

Offentleggjering og informasjon er dei nest nederste trinna, over manipulering, i ein åttetrinns stege for innbyggjarmedverknad.

Som du spør, får du svar
Gjennomføring av ei spørjeundersøking, slik det vert lagt opp til i Fjell, Sund og Øygarden, inneber at politikarane ønskjer å rådføra seg med innbyggjarane.

I motsetnad til ei folkerøysting, vil ei innbyggjarundersøking berre henvenda seg til inntil to prosent av innbyggjarane. Måten spørsmåla vert formulerte på, vil i stor grad avgjera kva svar politikarane får.

Fleire av politikarane i vårt lokale forhandlingsutval var svært opptekne av kven som skulle utforma spørsmåla, og å få utforma ”gode spørsmål”.

Erfaringa frå lokalvala i haust antydar at spørjeundersøkingane kan ha vore ”rigga” for å få ønska svar.

Utan ei folkerøysting vil innbyggjarane i Fjell, Sund og Øygarden mangla makt til å sikra at vår meining om kommunesamanslåinga vert teken på alvor og fulgt opp.

Les meir:
Norge går til urnene, artikkel i Klassekampen
”A ladder of citizen participation” av Sherry Arnstein.

Medverknad – meir enn berre folkemøte

…men kor var Sotra-strilen?
Autoritetstru Sotra-strilar skugga unna Strila-krigen, Gjestekommentar av Halvor Skurtveit

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s