Utset siste reis

Fjellsokningar og asketappar vel no å køyra dei gamle bilane sine eitt år lenger framfor å vraka dei og kjøpa ny. Men framleis har vi dei yngste bilparkane i Hordaland.

Norscrap West AS
Mange av bilane som vert kondemnert i Hordaland endar på Norscrap West AS på Hanøytangen der dei vert dei fragmenterte og gjenvunne. Verksemda søkte nyleg om å få auka mottakskapasiteten frå 6.000 til 7.000 bilar i året.

Ein markant nedgang i talet på kondemnerte bilar registrerte i Fjell og Askøy i fjor er nok eit signal om at offshorekrisa er i ferd med å festa grepet om lommeboka og framtidstrua vår.

Frontar utviklinga
Tydelegast var utviklinga i Askøy. 615 bilar heimehøyrande i kommunen vart i fjor avskilta og sende til kondemnering, ifølgje tal Tunnelsyn.no har fått utlevert frå det sentrale motorvognregisteret.

Det er heile 119 færre enn i 2014. Dei som svergjer til prosent, forstår at ei negativ utvikling på 16,2 prosent er verd å skriva heim om.

I Fjell var utviklinga nesten like dramatisk: 577 vraka bilar innebar ein nedgang på 12,3 prosent samanlikna med året før.

Utypisk for Hordland
Øygardsstrilar og sundsokningar synes ikkje å vera like bekymra. Her var det tvert om ein auke i talet på bilar som vart køyrde sin siste reis.

Skal vi tolka tala frå det sentrale motorvognregisteret isolert, bryr ikkje Øygardsstrilane seg nemneverdig om manglande investeringar utaskjærs. Dei auka talet på bilar sende til kondemnering med nær 20 prosent.

Utviklinga i dei to folkerikaste kommunane i regionen er tydelegare enn resten av fylket. For Hordaland sett under eitt var det ein reduksjon i talet på kondemnerte bilar med 5,4 prosent.

Ikkje eintydig bilete
Dei økonomiske nedskjeringane har tydelegvis ikkje å fått like store utslag i alle familiar. Mange innbyggjarar verkar uberørte av utviklinga på oljeprisen. Talet på nyregistrerte bilar i regionen auka i fjor med 13,3 prosent, slik at det no rullar nærare 32.000 bilar på asfalten i regionen.

Totalt vart det registrert 756 fleire nye bilar enn talet på bilar som vart kondemnert i Fjell, Askøy, Sund og Øygarden i året som gjekk.

Spørsmålet no er om vi er i ferd med å få to økonomiar – ein oljeøkonomi og ein fastlandsøkonomi?

Yngste bilparkane i Hordaland
Spør du om snittalderen på bilparken, oppveg talet på nyregistrerte bilar nedgangen i talet på vraka bilar på vegane vest for Bergen.

I Fjell, Askøy, Sund og Øygarden treng ikke færre kondemnerte bilar utløysa noko umiddelbart varsko om redusert trafikktryggleik.

Askøy er tvert om den kommunen i Hordaland som har yngste snittalderen på bilparken, ifølgje det sentrale motorvognregisteret. Med ein snittalder på 10,2 år er bilparkane i Askøy, og i Austevoll, ein månad yngre enn bilar heimehøyrande i Bergen.

Fjell kjem også svært godt ut med ein snittalder på 10,6 år. For samtlege 118.278 bilar i Hordaland er snittalderen no 12 år. Eldst vert bilane i Eidfjord som har ei gjennomsnittleg levetid på 13,4 år.

Husk årsavgifta
Årsavgifta for lette køyretøy er 3.135 kroner for 2016. Tvilar du på om doningen klarar eitt år til? Fram til 20. mars kan du framleis levera bilar til kondemnering utan å måtta betala årsavgift. Vrakpanten er på 3.000 kroner.

Du kan levera bilen din til vraking på Askøy, i Indre Arna, på Voss, Stord og på Lindås.

Kommune     Kondemnert     Bilpark      Snittalder
2015
Fjell                  577                      12621          10,6
Askøy               615                      13306         10,2
Sund                207                       3489          11,4
Øygarden        155                       2368          11,4
Hordaland   11013                  230814         12,0

Les også:
Elbilane tek over nybilsalet

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s