– Øygarden vil vera raus

Gitt at ein felles kommune får desentraliserte tenester og at vedtekne planar vert gjennomførte, ser ordførar Børge Haugetun for seg at midlane Øygarden får inn i eigedomsskatt frå oljeverksemda kan gå inn eit felles infrastrukturfond, til beste for heile den nye kommunen.

150 millionar i årleg eigedomsskatt seg Øygarden og ordførar Børge Haugetun i ein økonomisk særstilling. Ikkje rart han er populær hos ordførar Kari-Anne Landro i Sund (tv) og Marianne Bjorøy i Fjell.
150 millionar i årleg eigedomsskatt set Øygarden og ordførar Børge Haugetun i ein økonomisk særstilling. Ikkje rart han er populær hos ordførar Kari-Anne Landro i Sund (tv) og Marianne Bjorøy i Fjell.

Utgreiinga frå Telemarkforsking stadfestar det dei fleste alt visste, at økonomi er det området der skilnaden mellom Fjell, Sund og Øygarden er størst. Dagens forhandlingar om økonomi og harmonisering av skattar og avgifter gjekk likevel tilnærma harmonisk føre seg, trass i at forhandlingane på dette punktet vart svært konkrete.

– Ein felles kommune bør ha eit fond, av ein gitt storleik, med bundne og ubundne midlar til felles prosjekt, innleidde varordførar Tom Georg Indrevik (H, Fjell).

Infrastrukturfond
Framlegget til liste over felles prosjekt i ein ny kommune er lang. Utbygging av infrastruktur som veg- og breiband vil verta ei sentral oppgåve. Midlane som kjem inn i eigedomsskatt bør setjast i eit infrastrukturfond, var det semje om.

Oljeskatt
Eigedomsskatten står sentralt i forhandlingane. Øygarden har 150 millionar i årlege inntekter frå eigedomsskatt på verk og bruk. Storparten av inntektene kjem frå ilandføringsanlegga på Kollsnes og Sture.

-Øygarden får inn årleg eigedomsskatt tilsvarande 80 prosent av fonda til Fjell, hevda ordførar Børge Haugetun (Tverrpolitisk).

Nødvendig å avgjera
-Før vi går herifrå i dag er vi nøydde til å ta stilling til korleis vi vil handtera dette sentrale spørsmålet. Elles vil vi ikkje ha så mykje å dra heim til Øygarden med. Sjølv om vi beheld skular og barnehagar er det ganske mange tenester som vert sentralisert, utdjupa Haugetun.

Problemstillinga kom ikkje uventa på ordførar Marianne Bjorøy (A) i Fjell. Ho utfordra Øygarden:
– Kva har de tenkt? Kva har de diskutert?

– Vi kan ikkje slutta å tenkje ansvarlighet fordi om vi får ein ny, stor kommune, sa Indrevik.

Lokalt sjølvstyre?
Det går an å laga overgangsreglar. Har Nordhordlands-avtalen noko vi kan gjera til vårt eige på dette punktet? spurte ordførar Kari-Anne Landro (H, Sund).

Ordstyrar Trond Wincents viste til eit innspel frå Modalen om å behalda dela av eigedomsskatten frå kraftanlegga, og at Kommunelova opnar for lokalstyre i avgrensa delar av ein felles kommune.

Vil vera rause – og konkrete
– Det viktigaste er at vi får gjennomført dei tinga vi alt har på gang, sa Sylvia Haugland (Tverrpol, Øygarden).

-Vi har tenkt å vera rause. Om vi skal planleggja ein felles kommune, kan vi ikkje ha vage formeiningar om kva det skal innebera. Vi er nøydde til å finna ein god måte å gjera dette på. Det ligg muligheter for heile kommunen i felles, store prosjekt, meinte Haugetun.

Siste ordet
Anita Garlid Johannessen (Frp, Fjell) såg signala frå Øygarden som positive. Sidan der er Øygarden som disponerer desse 150 millionane, må dei og ha siste ordet om korleis pengane skal brukast.

Atle Dåvøy (KrF) oppsummerte utsegna frå kollegaene:
– Desentrale tenester og anledning til å gjennomføra dei planane som alt er vedtekne er det viktigaste i dag. Kommunereforma må sjåast i eit perspektiv på 30 – 50 år. Så langt fram vert det vanskeleg å seia kva som vil vera viktig.

– Eigedomsskatt på verk, bruk og næring er kan hende det som vert ståande, meinte Indrevik.

Tenkjepause
Dei føreslegne endringane i inntektssystemet legg opp til at mindre kommunar skal verta taparane og større kommunar vinna på ei samanslåing. Kvar for oss ser det ut til at vi vil tapa. Eg er usikker på korleis eit slikt fond vil påverka økonomien, sa Haugetun.

– Vi kan vera rause med det vi har, ikkje med det vi ikkje har. Vi kan ikkje spikra dette i dag. Vi må ta det med heim og diskutera det, sa Haugtun.

Les også:
Straume – eit naturleg kommunesenter

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s