Skrur opp bompengane i Askøypakken

Massiv inntektssvikt gjer at Askøy Bompengeselskap søkjer om å heva bompengane i Askøypakken med 25 prosent. Då er ikkje kostnadssprekken på 700 millionar teken omsyn til.

Etter vel eitt års drift viser den førebelse rekneskapen for kommunale Askøy Bompengeselskap AS eit underskot på 17 millionar kroner samanlikna med budsjett, ifølgje sakspapira til utval for teknikk og miljø. Politikarane får saka på bordet komande veke.

Trafikken er i rute
Planleggjarane traff godt med trafikkprognosene. Vel 22.000 bilar passerte bomstasjonane i 2015, ifølgje statistikken til bompengeselskapet, akkurat som forventa.

Veldig auke i talet på elbilar
Det planleggjarane ikkje føresåg var den veldige auken i talet på elbilar. Askøy er no ein av dei kommunane i landet som har flest miljøvenlege bilar. Saman med effekten av timesregelen bidrog elbilane til at bompengeinntektene svikta med 15 prosent.

+ 25 prosent
For å kompensera for inntektstapet, og ta høgde for den framtidige utviklinga i talet på elbilar, søkjer bompengeselskapet like godt om å få heva taksten med 25 prosent.

Vert søknaden vedteken, vil full pris for liten bil utan rabatt vil auka frå 22,50 til 28 kroner.

Vanleg prosedyre
Ei slik justering av bomsatsane er vanleg, og vert oftast gjort etter eitt års innkrevjing, i følgje søknaden.

– Denne forma for justering kan berre gjennomførast ein gong, skriv Statens vegvesen i søknaden.

Budsjettsprekk
Askøypakken er planlagt med ei investeringsramme på 1540 millionar kroner. 1120 millionar skal etter planen finansierast gjennom bompengar.

Planane bak Askøypakken var å finansiera ei oppgradering av seks vegstrekkjer i vegnettet på Askøy. Like før jul kunngjorde Statens vegvesen at totalkostnaden vil verta 700 millionar kroner høgare enn budsjettert. Ein budsjettsprekk på 45 prosent.

Tilpassa den økonomiske ramma
– Skulle det på sikt bli svikt i inntektene, eller ved kostnadsauke, gjeld dei vanlege reguleringsmekanismane for styring av pakkar, ved at omfanget av utbygginga blir tilpassa den økonomiske ramma. … Dersom kostnadane for nokre av prosjekta aukar, vil dette innebera at andre prosjekt ikkje blir bygde, skriv Statens vegvesen og stengjer dermed bommen for fullføringa av alle dei seks delprosjekta.

Les også:
Kan det henda her?

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.