Då Martha møtte kronprins Olav

Kongelege kan vera akkurat som andre folk. Les denne sjarmerande historia.

Stor stas då kronprins Olav steg i land på Brattholmen 15. desember 1947.
Stor stas då kronprins Olav steg i land på Brattholmen 15. desember 1947.

Gjenreisinga av Televåg etter krigen var ei nasjonal sak. 15. desember 1947 vitja kronpris Olav bygda for å sjå med eigne auge korleis arbeidet skreid fram.

Frå den utflytta fjellsokningen Martha Nordland har Tunnelsyn fått tilsendt eit utklipp frå Bergen Arbeiderblad om hennar møte med kronprinsen om bord i ferja på Brattholmen.

Stor stas
– Det var stor stas på Brattholmen då kronprinsen kom på besøk i 1947, minnest Martha Nordland som den gongen var 5 ½ år.

Alle ungane stilte med flagg på kaien. Det same gjorde vaksne som hadde tid til å ta seg fri frå arbeidet. Sjølv om det var snø og kaldt, var alle pynta i bunad, eller bestklede. Ordførar Ole Bjorøy leia velkomstkomiteen.

Hermelinkappe
– Vi ungane hadde hørt om kronprisen at han hadde hermelinkappe og flotte klede, slik som i eventyra. Vi hadde difor store forventningar til møtet, seier Martha.

Mor til Martha, Amalia Nordland, kjørte ein av dei få drosjane i Fjell på den tida. R 5079 var hyra inn til å køyra kronprinsen sin adjunktant, og køyrte som bil nummer to i kortesjen mot Telavåg. Først køyrte kronprisen, i sin eigen bil som hadde kome over med ferja.

Gråt av skuffelse

Martha Nordland (5 1/2) nekta å tru at kronprinsen såg ut som ein heilt vanleg mann i dress.
Martha Nordland (5 1/2) nekta å tru at kronprinsen såg ut som ein heilt vanleg mann i dress.

I heimen til drosjeeigaren var det ein hektisk dag. Det var difor lita tid til å ta seg av og forklara ei foretaksam lita jente som hadde fått eit glimt av ein kronprins som var kledd akkurat som ein heilt vanleg mann i dress.

– Eg gret av skuffelse, minnes Martha.

Den eigentlege kronprinsen
Femåringen trudde ikkje heilt på dei vaksne som sa at dette var kronprinsen. Når følgjet kom tilbake til Brattholmen, var ho difor fast bestemt på at ho skulle lura seg om bord på ferja og undersøkja kven som eigentleg var kronprins Olav.

Ein annleis kronprinshistorie
Tilfellet ville at den første ho trefte om bord var journalist i Bergens Arbeiderblad. Journalisten øyna ein annleis kronprinshistorie. Han følgde etter Martha etterkvart som ho spurte den eine aktuelle kandidaten etter den andre om det kan hende var han som var kronprins Olav.

Neste dag stod historia i avisa.

– Som unge vart eg erta for den historia, men som vaksen likar eg han godt, seier Martha Nordland som no er 73.

Historien om då Martha (5 1/2) møtte kronprins Olav, slik han stod å lesa i Bergens Arbeiderblad.
Historien om då Martha (5 1/2) møtte kronprins Olav, slik han stod å lesa i Bergens Arbeiderblad.

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s