Havneopprøret er avlyst

Nye tonar frå Byrådet i Bergen har i løpet av dei siste månadane fullstendig snudd stemninga i omeignkommunane frå havneopprør til vilje til nytt havnesamarbeid med Bergen.

Fjell vil gjerne ha meir gods overført til Ågotnes frå Bergen indre havn. Foto: Svein Ludvigsen
Fjell vil gjerne ha meir gods overført til Ågotnes frå Bergen indre havn. Foto: Svein Ludvigsen

– Ja, havneopprøret er avlyst. Vi startar på nytt, smålo ordførar Marianne Bjorøy i Fjell då Tunnelsyn bad om ei oppsummering i etterkant av dagens forsoningsmøte mellom Bergen og dei ni andre medlemskommunane i Bergen og omland Havnevesen (BOH).

Opprør og utmelding
I vår var det tilløp til opprør i BOH. Det er vedtake at dagens havneselskap skal oppløysast. Bergen såg for seg at BOH skal erstattast av eit interkommunalt selskap (IKS). I dei ni omeignkommunane gjekk bøljene i diskusjonen høge. Dei mislikte sterkt vilkåra Bergen stilte for å verta med i det nye selskapet.

Fronta motstanden
Motstanden vart fronta av Fjell og Lindås som begge har store havneanlegg, og som meinte dei ville få for lite att av innskotet i det nye selskapet. Det gjekk så langt at Lindås vedtok å starta eige havneselskap. Os har gjort det same. Fjell sette vedtaket på vent i siste minutt.

Frist 1. juni
– No startar vi med blanke ark, og er samde om å sjå på vilkåra for det interkommunale selskapet på nytt, seier Bjorøy.

Innan 1. juni skal den administrative arbeidsgruppa som vart nedsett i dag, ha levert eit nytt forslag til samarbeidsavtale.

BOH vert oppløyst
Alle medlemskommunane er samde om at dagens BOH skal oppløysast. Dei fleste har sagt at dei vert med i eit nytt selskap. Lindås og Os har sett sine eigne vedtak på vent, for å sjå om det går an å verta samde, fortel Bjorøy.

Av omsyn til dei tilsette i BOH, bør avtalen helst vera underteikna og det nye selskapet operativt innan årsskiftet.

Rosar Byrådet
Fjell-ordføraren rosar det nye byrådet for å ha gripa fatt i ein tilsynelatande fastlåst situasjon:

– Både byråd Dag Inge Ulstein og byrådsleiar Harald Schelderup har vore veldig lydhøre. Dei har gått ut og sagt at dei ønskjer eit breitt havnesamarbeid med alle omeignkommunane. Dei har og understreka kor viktig det er at alle eigarkommunane i eit nytt selskap opplever at dei får noko att for å vera med, seier Bjorøy.

Bergen treng oss
– Dei som sit i Byrådet no har oppdaga at det over tid har bygd seg opp ein avstand mellom Bergen og kommunane rundt. Slik vil dei ikkje ha det. Dei ser at Bergen treng omeignkommunane, utdjupar Bjorøy.

Nye tonar
Varaordførar Bård Espelid i Askøy er enig i at stemninga fullstendig har snudd.

– Dei siste månadane har vi høyrt heilt nye tonar frå Byrådet i Bergen. Dei har vist ein heilt annan vilje til å samarbeida enn det vi tidlegare har merka, seier Espelid til Tunnelsyn.

Kommunestyret i Askøy behandla saka i går. Der var det samstemmig oppslutnad om å vera med vidare i det nye interkommunale selskapet. Askøy er også innstilt på å bidra med inntil 300.000 kroner i eigenkapital til det nye selskapet, føresett mellom anna at forhandlingsutvalet held fast på forslaget om 10 millionar kroner i eigenkapital og der Bergen skyt inn sju millionar.

Les også:
Tverrsnudde i havnesaka
Vil starte nytt havneselskap saman med Lindås
Krev fortgang i havnesamarbeidet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s