Slepp ekstrarekning på 100 millionar

Dokumentavgifta er ikkje noko gyldig argument mot kommunesamanslåing. Vel Fjell, Sund og Øygarden å slå seg saman, vert den nye kommunen friteken for dokumentavgift.

Dette slår fylkesmannen i Hordaland fast etter å ha konsultert Kommunal og moderniseringsdepartementet i saka.

Stor bygningsmasse
Det var Svein Bergh (Sotra Lista) som først stilte spørsmål i Formannskapet i Fjell om kor vidt Fjell, Sund og Øygarden vil verta belasta med dokumentavgift ved ei eventuell kommunesamanslåing.

Med den bygningsmassen som dei tre kommunane til saman eig, ville den nye kommunen i så fall ha påteke seg ein ekstrakostnad oppunder 100 millionar kroner, anslår Bergh.

Inndelingslova
Departementet bekreftar at Inndelingslova §14 vil verta lagt til grunn i dette tilfellet. Det vil seia at det ved kommunesamanslåingar er fritak for kostnadar som mellom anna dokumentavgift på overdraging av kommunal eigedom.

Dokumentavgift
Ved ei eventuell kommunesamanslåing må samtlege kommunale eigedomar i dei tre kommunane overdragast til den nye kommunen.

Når eigedomar vert selde eller overdragne, skal eigaren vanlegvis betala dokumentavgift til Staten. Ved kommunesamanslåingar gjeld det altså unntaksbestemmelsar for overdraging av kommunal eigedom.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s