Møtte samferdselstoppane i Oslo

Valet om å realisera Sotrasambandet som eit OPS-samarbeid vil innebera lengre planleggingstid, men kortare byggjetid. Dette var hovudbodskapen då representantane frå Fjell i dag møtte samferdselstoppane i Oslo.

Bompengesøknaden må nytta 5,5 prosent rente, sjølv om dagens rentenivå er langt lågare, fastheld tatssekretær Tom Cato Karlsen i Samferdselsdepartementet.
Bompengesøknaden må nytta 5,5 prosent rente, sjølv om dagens rentenivå er langt lågare, fastheld statssekretær Tom Cato Karlsen i Samferdselsdepartementet.

Frå samferdselsdepartementet møtte statssekretær Tom Cato Karlsen saman med vegdirektør Terje Moe Gustavsen og regiondirektør Helge Eidsnes i Statens vegvesen.

Dei som hadde teke turen frå Fjell var ordførar Marianne Bjorøy (A), varaordførar Tom Georg Indrevik (H) og Anita Garlid Johannessen (FrP).

Positiv overrasking
– Det var ei positiv overrasking at ikkje berre statssekretæren, men også vegdirektøren og regiondirektøren i Statens vegvesen venta på oss i Oslo, seier Anita Garlid Johannessen (FrP).

Både statssekretæren og vegdirektøren viste at dei kjende godt til Sotrasambandet, ifølgje Garlid Johannessen.

Erfaringar med OPS
Sotrasambandet er peika ut som eit nasjonalt forsøksprosjekt med offentleg – privat – samarbeid (OPS). Gjennomføringa av eit OPS-prosjekt var tema for dagens møte. Erfaringar frå to tidlegare norske OPS-prosjekt på vegsektoren, eit i Bodø og eit i Kristiansand, vart trekt fram.

– Begge prosjekta gjekk etter planen, seier Garlid Johannessen.

Erfaringa tilseier at den aktøren som får anbodet må få tid til å setja seg inn i og delta i planlegginga. Noko som vil krevja meir tid enn om Statens vegvesen skulle leia prosjektet heilt til mål. Til gjengjeld vil sjølve byggjetida verta kortare, gjengjev FrP-representanten frå Fjell innhaldet i møtet.

Rentenivå
Bompengane i det nye Sotrasambandet har lenge vore eit heitt tema, men var likevel ikkje noko tema på dagens møte.

– Einaste vi fekk beskjed om, var at ein eventuell bompengesøknad må bruka 5,5 som rente. Dette trass i at dagens rentenivå et betydeleg lågare, seier Garlid Johannessen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s