Sund dobla folkeveksten

I eit fylke som hadde ein vekst i folketalet på beskjedne 1 prosent i fjor, lever Fjell, Sund, Øygarden og Askøy framleis opp til omdømet ”vekstkommunar”.

folketalsvekstSamla fekk dei fire kommunane 1340 nye innbyggjarar i 2015, i følgje folketalsstatistikken Statistisk Sentralbyrå offentleggjorde før helga.

Sund på topp
Mest populær er Sund. 223 nye sundsokningar inneber ein folkevekst på heile 3,3 prosent. Sjølv om fødselsoverskotet på 45 nyfødde bidrog godt, var det tilflyttarane som utgjorde største kjelda til vekst.

Øygarden kjem også høgt på statistikken. 119 nye innbyggjarar inneber ein folketalsvekst på 2,5 prosent. Også her er det tilflyttarane som står for største bidraget til vekst.

Stagnasjon?
Som nasjon opplevde Norge i fjor lågaste folketalsveksten sidan 2006. Sjølv om veksten i regionen framleis er godt over snittet i fylket, er det likevel teikn til at utviklinga også her er i ferd med å flata ut, særleg i dei to største kommunane.

Utviklinga er tydelegast i Fjell. 443 nye innbyggjarar i fjor er ein reduksjon i veksten på 132 samanlikna med 2014.

Kommune gjennomtrekk
Fjell hadde lågaste folketalsveksten i regionen i fjor, med berre 1,8 prosent. Stikk i strid med forventningane hadde kommunen ikkje passert 25.000 innbyggjarar ved årsskiftet.

Med 1601 tilflyttarar og heile 1348 utflytta, er Fjell i ferd med å stadfesta omdømet som ”Kommune gjennomtrekk”. Ei netto innflytting på 253 personar inneber at berre 16 prosent av dei som flyttar til kommunen vert verande.

Flest fødslar
Nesten like ille er situasjonen i Askøy. 1587 innflyttarar og 1348 utflytta gav ei netto innflytting på 275 personar.

Askøy var samstundes den kommunen som kan skryta av å ha høgaste fødselsoverskotet. Heile 248 fleire fødde enn døydde bidrog til 522 fleire asketappar, eller ein folkevekst på 1,9 prosent.

Kommune     Folketal 1.1.2015     Folketal 1.2.2016      Vekst     Prosent
Sund                         6752                                   6975                          223            3,3
Fjell                        24427                                 24870                          443            1,8
Askøy                     27858                                 28380                          522            1,9
Øygarden                4733                                    4852                          119            2,5

Les også:
Folkeveksten stoppar opp

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s