Gjestekommentar: Dei tilsette si stemme i kommunereforma

Eg undrar meg over kvifor ingen av kommunane ser på vernetenesta som ein relevant aktør og aktuell representant for dei tilsette på lik linje med dei fagforeningstillitsvalgte i kommunereformprosessen.

Reidar vik

Av Reidar Vik – Hovudverneombod i Øygarden kommune

Kommunane Øygarden, Sund og Fjell har no sett seg ned for å koma fram til ei intensjonsavtale for ein eventuell fusjon. Telemarksforsking har blitt hyra inn for å analysera tilstanden og gje karakter for kor godt forholda ligg til rette for ein eventuell samanslåing. Poengsummen er verdas beste hittil og det er sett ned forhandlingsutval, styringsgrupper og møtedatoar for å rekkja deadline den tredje mars. Då skal arbeidet dei har gjort gje nok og presis nok informasjon til innbyggjarar og kommunestyre slik at ein kan bestemma seg om kommunane vil søkja om å få lov til å slå seg saman.

Omstilling
Svein Tennebø i Tennebø & Partners definerer omstilling slik:
«En omstilling defineres gjerne som en prosess som kan medføre endring i mål, strategier, arbeidsoppgaver, arbeidsmåter eller organisasjonsstruktur. Endringer i arbeidsform, kompetansebehov og personellsammensetning er gjerne en konsekvens. På godt norsk betyr det siste ofte nedbemanning.» (Henta frå: dagensperspektiv.no)

Anne Inga Hilsen i idebanken.org seier dette om omstillingsprosessar:
«Under omstillinger er det prinsipper som er viktige for at omstillingene skal føre virksomheten til dens mål. Balansen mellom utvikling av virksomheten og beskyttelse av arbeidstakerne er grunnleggende …»
«Tillit er en forutsetning for samarbeid om utvikling… Tillit er dels noe som må forekomme i forkant for at man skal våge å ta sjanser, og dels noe som bygges opp gjennom erfaringene om at tilliten ikke misbrukes. ..tillit (er) kanskje den viktigste enkeltbetingelsen for samarbeid om utvikling og endring»

Regjeringa sin intensjon
Regjeringa seier at dei vil leggja opp til ein reformprosess som involverer alle relevante aktørar på ein god måte (Prop. 95 S (2013–2014). Kan henda dei tenkjer på aktørar på statleg nivå, men eg tolkar det og som eit uttrykk for lokale aktørar.

Vidare blir det sagt at: «Det er også avgjørende at medarbeiderne trekkes med i arbeidet med å forbedre offentlig sektor.»

Arbeidsmiljølova seier:
«Under omstillingsprosesser som medfører endring av betydning for arbeidstakernes arbeidssituasjon, skal arbeidsgiver sørge for den informasjon, medvirkning og kompetanseutvikling som er nødvendig for å ivareta lovens krav til et fullt forsvarlig arbeidsmiljø.»

Samarbeidsklima
I styringsgruppene i kommunane er det dei fagforeningstillitsvalgte som er med som representantar for dei tilsette i kommunane. Eg undrar meg over kvifor ingen av kommunane ser på vernetenesta som ein relevant aktør og aktuell representant for dei tilsette på lik linje med dei fagforeningstillitsvalgte.

Så er det jo slik at det å delta i fora der ein i utgangspunktet ikkje er ynskt ikkje gjev grunnlag for særleg godt samarbeidsklima og tillitsforhold, så eg har ikkje som mål at vernetenesta skal få inn representantar i styringsgruppene. Kommunereforma går sin gang den, og dei som sit som representantar for dei tilsette i Øygarden har min fulle støtte og tillit.

Lovpålagt mandat
Det eg ynskjer er at vernetenesta skal bli teken på alvor for den rolla og det mandatet ho har i arbeidsmiljølova.

Kva har dette å seia for meg, og kva er det som er så viktig med dette tenkjer du kanskje.

Verneombod - logoVerneomboda har eit lovpålagd mandat og rolle fordi dei lovgjevande myndigheiter meiner det er trong for nokon som talar ALLE dei tilsette si sak når det gjeld arbeidsmiljøet og passar på at arbeidsgjevarane følgjer opp det som står i arbeidsmiljølova.

Skal arbeidsplassane og du som arbeidstakar få nytte av vår kompetanse og erfaring på dette området er det viktig at me blir tekne på alvor og blir tekne med i dei fora som har med førebygging og løysing av arbeidsmiljørelaterte saker på arbeidsplassane å gjera.

Set til side arbeidsmiljølova
Kommunereformprosessen er eit døme på korleis ein praktiserer hovudavtalen ovanfor fagforeningane, men samstundes legg til sides arbeidsmiljølova sitt krav om at alle tilsette bør vera representerte. Det bør gjerast noko med.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s