Kritiske dagar for Atlantic Offshore

Atlantic Offshore AS på Ågotnes har frist fram til 4. mars på å verta samde med kreditorane om vilkåra for nedbetaling av gjeld på 500 millionar kroner. Drifta av fartøya vil i liten grad verta påverka av ein eventuell konkurs.

Nybygde Ocean Falcon vart levert i mai 2015 og går på fem års kontrakt med Shell.
Nybygde Ocean Falcon vart levert i mai 2015 og går på fem års kontrakt med Shell.

Det er administrerande direktør Roy Wareberg i Atlantic Offshore som seier dette til Tunnelsyn.no.

Nedskriv verdiar

- Det er såpass store verdiar i dei inngåtte kontraktane at alle prøver å unngå konkurs, seier dagleg leiar Roy Wareberg i Atlantic Offshore AS til Tunnelsyn.
– Det er såpass store verdiar i dei inngåtte kontraktane at alle partar prøver å unngå konkurs, seier dagleg leiar Roy Wareberg i Atlantic Offshore AS til Tunnelsyn.

Offshorerederiet på Ågotnes varsla før helga Oslo Børs om at dei skriv ned verdien på fartøya med 165 millionar kroner, til 195 millionar kroner i samband med årsoppgjeret for 2015.

– Nedskrivinga er meint å skulla gje eit meir riktig bilete av marknadsverdien på fartøya i ei tid der det knapt finst kjøparar til denne typen skip, og vert gjort i samsvar med rekneskapsreglane IFRS, for børsnoterte selskap, seier Wareberg.

Langsiktige kontraktar
70 prosent av skipa går på kontrakt ut året. Halvparten av skipa går på langsiktige kontraktar ut 2018, ifølgje Wareberg.

– Noko sal av fartøy som går på kontraktar er i øyeblikket ikkje aktuelt, men for dei tre som ligg i opplag er vi opne for bod, seier Wareberg.

Ratene for dei langsiktige kontraktane er ikkje påverka av den dystre marknadssituasjonen i offshorenæringa. For 2015 ventar Atlantis Offshore AS ei driftsinntekt på 701 millionar kroner, og eit driftsresultat på 221 millionar, i følgje børsmeldinga.

Høge finanskostnadar
Inntektene frå kontraktane er ikkje tilstrekkeleg til å betala renter og avdrag på låna. Situasjonen vert også vanskeleggjort av at verksemda betaler leige for eit skip som ligg i opplag.

Forhandlar med kreditorane
Nedskrivinga av flåten har redusert eigenkapitalen til selskapet så mykje at Atlantic Offshore er i strid med lånevilkåra. Forsøket i fjor haust på å auka eigenkapitalen med 300 – 500 millionar kroner lukkast ikkje.

Den samla gjelda i verksemda er no 2,3 milliardar kroner. Leiinga i Atlantic Offshore forhandlar no med kreditorane om vilkåra for nedbetaling av eit lån på 500 millionar kroner.

Konvertera gjeld
Forslaget Atlantis Offshore håpar kreditorane vil akseptera, går ut på å redusera gjelda med 100 millionar kroner. Samstundes ber dei om at 150 millionar må omgjerast til eigenkapital/subortinert lån. Hovudaksjonær Knut Øgreid har i så fall signalisert at han vil bidra med 50 millionar friske kroner.

– Vi har fått positive signal frå bankane, seier Wareberg.

Ågotnesverksemda har frist fram til 4. mars på å koma til semje med kreditorane.

Eigne selskap
Kvart av dei 19 fartøya Atlantic Offshore disponerer er registrert som eige aksjeselskap. Alle kontraktar er inngått direkte med eigarselskapet. Drifta av fartøya vil fortsetja i dei inngåtte kontraktane. Det er difor i utgangspunktet berre morselskapet i Atlantis Offshore AS som vil verta omfatta av ein eventuell konkurs, ifølgje Wareberg.

Av dei 38 tilsette på hovudkontora på Ågotnes og i Aberdeen, er for tida ni permitterte på heil- eller deltid.

Utfordrande situasjon
– Situasjonen er utfordrande. Det vert mykje jobbing, og mykje forhandlingar med alle partar. Det er utfordrande sidan ulike partar har ulik forståing av situasjonen, seier Wareberg.

– Det er såpass store verdiar i kontraktane at alle prøver å unngå konkurs, seier Wareberg.

Les også:
Kontraktar til Atlantic Offshore
Atlantic Offshore i låneskvis

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s