Namnet vert Øygarden

Det måtte to avstemmingar til før representantane i det felles forhandlingsutvalet klarte å samla eit fleirtal for namn på det nye kommunen. Men det er ikkje alle som er samde, og siste ord er enno ikkje sagt.

Namnespørsmålet har ligge og verka på samtlege forhandlingsmøte så langt. Øygarden sine representantar har stått fast på at den nye kommunen må få namnet Øygarden, også fordi dei meinar namnet beskriv kystlandskapet vest for Bergen.

To økter
I dagens møte var namnevalet tema i to økter, før lunsj, og heilt på tampen av dagen. Alle var samde om at situasjonen ikkje var god. Stridsspørsmålet var korvidt ein kunne halda fram med å skyva ei avgjerd fram i tid.

Fleire alternativ
Fleire alternative namn har vore lansert i prosessen, mellom anna Skjergard, Sotra og Sartor, utan at nokon av namna har gått heim hos medlemmane i utvalet. Særleg einskilde av representantane for Fjell har vore sterkt mot at eit noverande kommunenamn skal leva vidare som namnet på ein felles kommune.

Vestgard
Namnevalet var tema då styringsgruppa i Fjell nyleg hadde møte. Der vart dei samde om å fremma navnet Vestgard. Alternativt at namnespørsmålet må avgjerast i innbyggjarundersøkinga som skal gjennomførst i slutten av april, fortalde ordførar Marianne Bjorøy (Fjell, A)

– I innbyggjarundersøkinga vil vi kunne få fram gode namneforslag som vi i forhandlingsutvalet ikkje har tenkt på, supplerte Svein Bergh (Fjell, Sotralista).

– Vi kan ikkje avklara dette i dag heller. Ikkje utan å pressa fram ei avstemming. Ordførar Børge Haugetun (Øygarden, TVØ) var skuffa.

Feiloppfatta
– I den innleiande prosessen opplevde eg at Øygardsnamnet hadde stor gjenklang i forhandlingsutvalet. Tilbakemeldingane då fekk meg til å oppfatta valet av Øygarden som namn som like sjølvsagt som vedtaka om å plassera kommunesenteret på Straume og ha Sund sitt kommunevåpen. No er det openbart for oss at desse problematikkane ikkje er likestilt, sa Haugetun.

Ordførar Kari-Anne Landro (Sund, H) hadde stor forståing for Øygarden sitt syn:
– Det har vore snakk om å visa raushet. På alle andre område har vi blitt samde om ekstremt konkrete ting. Om vi set eit namn, får vi reaksjonar på det også.

– Så rause har ikkje vi i Fjell råd til å vera, innvendte Bergh.

– Det er ikkje slik å forstå at vi går heim om namnet ikkje vert Øygarden, presiserte Haugetun.

Ein diskusjon om korleis ein best kunne nytta innbyggjarundersøkinga til avgjera namnespørsmålet, avslørte raskt at utvalet langt frå var samde her heller.

Intern usemje
Eit kort gruppemøte avslørte av både Fjell og Sund vart delt i namnespørsmålet. Øygarden haldt saman.

– Er det avgjerande for Øygarden at dette er avklart før intensjonsavtalen vert underskriven, spurte Marianne Bjorøy.

– Dette er alt ei stor sak i media. Det vil vera eit viktig signal om vi vert samde, sa Jogeir Sognnæs (Sund, A).

To avstemmingar

Valde å skjæra gjennom i namnestriden, Marianne Bjorøy.
Valde å skjæra gjennom i namnestriden, Marianne Bjorøy.

Marianne Bjorøy valde å skjæra gjennom. Dermed vart det avstemming, i to rundar:
– Skal vi stemma i dag, eller skal vi avgjera namnet i innbyggjarundersøkinga, spurte Bjorøy først.

Sju av dei 13 utsendingane var for å avgjera saka i dag.

– Vi har eit namneforslag, Øygarden. Skal vi gå for det, eller skal vi henta inn andre alternativ i innbyggjarundersøkinga, spurte Bjorøy deretter.

I denne andre runden var det ni som stemte for at Øygarden skal vera arbeidsnamn på den nye kommunen.

Nektar å skriva under

Svein Bergh nektar å skriva under intensjonsavtalen. I det minste ikkje utan at det vert presisert at det var sterk usemje om namnevalet.
Svein Bergh nektar å skriva under intensjonsavtalen. I det minste ikkje utan at det kjem tydeleg fram at det var sterk usemje om namnevalet.

Svein Bergh (Fjell, Sotralista) er mellom dei som har vore sterkast mot valet av namnet Øygarden. Dagens avstemming endra ingenting.

– Eg nektar å skriva under intensjonsavtalen, sa den harme fjellsokningen til Tunnelsyn like etter at resultatet av avstemminga var klart

Bergh meiner at representantane frå Fjell som stemte for namnet Øygarden, handla i strid med fleirtalet i styringsgruppa.

– Det må i det minste framgå av intensjonsavtalen at det har vore sterk dissens om namnevalet, krev Bergh, som i så fall lovar å vurdera å setja signaturen sin på avtalen.

Siste ord
Siste ordet er likevel ikkje sagt. Dagens vedtak inneber at Øygarden vert arbeidsnamn i planlegginga av den nye felles kommunen. Det er dette namnet kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden skal forhalda seg til når saka kjem opp til politisk behandling i dei tre kommunane i juni i år.

Ifølgje Inndelingslova, som regulerer mellom anna kommunesamanslåingar, vert det Fellesnemnda, nedsett av fylkesmannen, som skal ta endeleg stilling til namnet på den nye kommunen på sitt første møte hausten 2017.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s