Vil la økonomien styra utviklinga i Kleppestø

Rådmann Eystein Venneslan forslår å la omsynet til investeringsbudsjettet styra planlegginga av Kleppestø sentrum. – Rådmannen bør vera forsiktig med å blanda rollene som samfunnsutviklar og eigedomsutviklar, innvender varaordførar Bård Espelid (Askøylista).

Rådmann Eystein Venneslan håpar det vil råd å få politisk semje om ein plan for Kleppestø sentrum i løpet av året.
Rådmann Eystein Venneslan håpar det vil mogeleg å få til politisk semje om ein plan for Kleppestø sentrum i løpet av året.

Plansmia om framtida til Kleppestø sentrum i haust resulterte i tre alternative forslag.

Tre alternativ
I utval for teknikk og miljø i dag presenterte plansjef Bente Karlsen ei konkretisering av dei tre alternativa med henhaldsvis 250 – 300 bustadar, 550 – 600 bustadar og 750 – 800 nye bustadar i tillegg til offentleg funksjonar og næring. Det mest kontroversielle området, Maltvikaneset, var halden utanfor i samtlege alternativ.

…og gigantutbygging
I bordet frå tidlegare ligg den forrige rådmannen sin plan om ei gigantutbygging som også omfattar ny ferjeterminal på austsida av Maltvikaneset og som inneber at åtte – ni bustadane der må rivast.

Byplanleggjar Bente Karlsen valgte å presantera denne planen først under dagens orientering til politikarane i Utval for teknikk og miljø.

Reduksjon i investeringsbudsjettet
Askøy kommune eig store delar av arealet der den framtidige byutviklinga vert planlagt. Økonomi- og handlingsplanen for perioden legg opp til 200 millionar kroner i inntekt frå sal av området.

– Kommunen vil få problem om vi ikkje får desse inntektene, hevda rådmann Eystein Venneslan.

– Planalternativa med middels og lav utnytting vil medføra reduksjon i investeringsbudsjettet, åtvara Vennesland.

I strid med programerklæringa

Ei høg utnytting av areala i Kleppestø sentrum vil vera i strid med programerklæringa til posisjonen i Askøy, i følgje varaordførar Bård Espelid.
Ei høg utnytting av areala i Kleppestø sentrum vil vera i strid med programerklæringa til posisjonen i Askøy, i følgje varaordførar Bård Espelid.

– Rådmannens si føretrekte utbygging vil vera i strid med programerklæringa for Askøylista sitt samarbeid med Arbeidarpartiet, SV, Raudt og MDG, seier varaordførar Bård Espelid (Askøylista) i ein kommentar til Tunnelsyn.no

Bygdelista gjekk til val på lav til moderat utbygging i Kleppestø og å spre framtidig utbygging over heile kommunen.

– Eg går ut frå at alle vil halda seg til programerklæringa, seier Espelid.

Samfunnsutviklinga kjem først
– Rådmannen bør vera forsiktig med å blanda rollene som samfunnsutviklar og som eigedomsutviklar, føyer Espelid til.

– Her snakkar vi om planar for Kleppestø sentrum for 50 – 100 år fram i tid. Samfunnsutviklinga er klart viktigast i denne samanhangen, meinar Espelid.

– Askøy bør heller innstilla seg på litt lågare inntekter, enn det økonomi- og investeringsplanen legg opp til, seier varaordføraren.

Sparka saksordføraren

- Ved å unnlata å møta på plansmiene, lot politikarane i Askøy anlednigna gå frå seg til å diskutera direkte med dei ulike interessentane og koma fram til ei løysing alle kunne semjast om, seier Arild Raftevoll (V).
– Oolitikarane i Askøy lot anledninga gå frå seg til å diskutera direkte med dei ulike interessentane og koma fram til ei løysing alle kunne semjast om, seier Arild Raftevoll (V).

Arild Raftevoll (V), er samd med varaordføraren i at det kan verta politisk vanskeleg å få gjennomslag for det mest omfattande utbyggingsforslaget.

Raftevoll var inntil nyleg saksordførar for Kleppestøplanen, men fekk ifølgje eigne ord sparken, fordi Arbeidarpartiet vil ta kontrollen over planleggingsprosessen.

– Eg var einaste politikaren som følgde samtlege møter i plansmia, hevdar han til sitt forsvar.

Raftevol meinar at politikarane i Askøy dermed gjekk glipp av muligheten til møta innbyggjarane og diskutera med dei ulike interessentane for å koma fram til ei løysing som samtlege partar kan godta.

Manipulerande
– Dette er ei tilretteleggjing for å tiltrekkja seg store utbyggjarar, hevdar Jan Thorsen, bebuar på Maltvikaneset og ein av dei heftigaste motstandarane mot gigantplanen til den forrige rådmannen. Sjølv om Maltvikaneset er halden utanfor dei tre siste skissene, kjenner han seg langt frå trygg for heimen sin.

– Dette er ein manipulerande prosess der alt er snudd på hovudet. Planlegginga burde ha starta med plansmia, no fekk innbyggjarane først koma til orde heilt på slutten, sa Thorsen.

Den sterke lokale motstanden mot planane førte til at Kleppestø vel i fjor fekk utarbeida ei alternativ skisse til utbygging av Kleppestø sentrum.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s