45 millionar til felles vegfond

Nye Øygarden kommune vil få eit felles vegfond der minimum 10 prosent av midlane skal øyremerkjast tiltak i kvar av dagens kommunar.

Det felles forhandlingsutvalet tok i siste møte om ei eventuell kommunesamanslåing opp att diskusjonen om etablering av eit felles infrastrukturfond og korleis det bør nyttast.

Eigedomsskatt
Fjell kommune sitt vedtak om å innføra eigedomsskatt frå og med siste årsskifte var den utløysande faktoren for at ordførar Børge Haugetun i Øygarden er innstilt på å vera raus med oljeinntektene.

– 10 prosent av eigedomsskatten bør øyremerkjast til infrastruktur i heimkommunen, like mykje i Sund og like mykje i utkantane i Fjell, føreslo Haugetun.

45 millionar
Med 150 millionar i årleg eigedomsskatt frå verk og bruk, står Øygarden i ein særstilling økonomisk, samanlikna med Fjell og Sund. Føresett at endringar i skatte- og inntektssystemet ikkje endrar inntektsgrunnlaget, vil 45 millionar kroner verta øyremerkja det nye vegfondet årleg, frå ei eventuell samanslåing og fram til 2030.

Dei øyremerka midlane bør utgjera minst 10 prosent til kvart av dagens kommunar, hevda Tom Georg Indrevik (H, Fjell)

– Øygarden er raus
– Øygarden er raus med midlane sine. De må då kunna øyramerkja minst 15 prosent? spurte Nils Arne Skoge (H, Sund).

Varaordføraren i Sund er oppteken at det overskytande ikkje bør gå til drift. Teknisk infrastruktur bør også haldast utanfor eit infrastrukturfond. Det er ikkje lov å subsidiera slike tiltak, dei må vera sjølvfinansierande. Vel vi ei brei satsing, vert det ikkje mykje att til veg.

Veg synes
– Veg er ein god måte å visa innbyggjarane at dei får noko att for skattepengane, sa Skoge.

– Dette vert ein ekstra muskel vil kan bruka i ein overgangsperiode. Kva er det vi eigentleg treng? Sund – de treng då betre infrastruktur for fiskeindustrien? undrast Haugetun.

Forhandlingskort
– Med eit slikt vegfond vil vi ikkje få eit einaste krone frå fylket i tilskot til offentlege vegar, frykta Skoge.

Tvert om, meinte Indrevik. Her får vi eit forhandlingskort i spleiselag ovanfor fylkeskommune og stat.

Alle områda får litt
– Det viktigaste for oss er å sikra at kvart område får øyremerkja midlar kvart år. Då unngår vi at alle midlane går til eitt prosjekt, og at dei andre områda står att utan pengar til å gjennomføra sine prosjekt, sa Haugetun som var heilt samd i at den nye kommunen ikkje må la seg freista til å nytta inntektene frå eigedomsskatten til drift.

– Vi risikerer trass alt at inntektskjelda plutselig forsvinn, åtvara Haugetun.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s