Nærare ei løysing for Atlantic Offshore

Bankar og andre panthavarar har akseptert vilkåra for ei refinansiering av Atlantic Offshore AS. Framleis gjenstår det å få aksept frå usikra obligasjonseigarar.

Dette framkjem av ei pressemelding sendt ut via Oslo Børs i ettermiddag.

Avtalen inneber at bankar og andre panthavarar har akseptert refinarsieringsplanen som gjekk ut på å redusera gjelda med 100 millionar kroner. Samstundes vert gjeld på 150 millionar omgjort til eigenkapital/subortinert lån.

4. mars
Men framtida til Ågotnes-rederiet er enno ikkje sikra. Obligasjonslånet på 500 millionar kroner forfell 29. februar. Fleire av obligasjonshavarane med usikra lån har så langt unnlate å gje si oppslutning til refinansieringsplanen. Endeleg svar får dei i møtet med obligasjonseigarene 4. mars.

Underskot
Atlantic Offshore hadde i fjor eit underskot før skatt på 294,7 millionar kroner etter finanskostnadar og valutatap. Driftsresultatet viste eit overskot på 221 millionar, ifølgje årsmeldinga som vart offentleggjort tidlegare i dag.

Reforhandla leigeavtale
Atlantic Offshore har også reforhandla leigeavtalane av Ocean Scout og Oscean Troll. Ocean Scout ligg for tida i opplag, og døgnleiga er kutta med to tredelar, frå 75.000 kroner til 25.000 kroner.

Hovudaksjonær Knut Øgreid held fast på at han bidreg med 50 millionar friske kroner.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s