Dagens sleivspark: Feil kjønn

At statsministeren er ei kvinne, har tilsynelatande liten signaleffekt i heimefylket. Høgre sitt fylkesparti i Hordaland har i helga nominert tre menn til å leia partiet.

Tom Georg Indrevik.
Tom Georg Indrevik, ny nestleiar i Hordaland Høgre.

Peter Christian Frølich, stortingsrepresentant for Hordaland, kan hende best kjend som politikaren som fekk meiningsmotstandaren lagt i jern etter falske skuldingar om terrorisme, vart i helga valt som ny leiar for Høgre i Hordaland, ifølgje BT.no.

Stemte blankt
Valet skjedde ikkje utan protestar. Tredelen av delegatane på årsmøtet stemte blankt.

Fylkesleiar gjennom seks år, Liv Eskeland frå Stord, hadde sagt seg villig til gjenval, men vart ikkje nominert av valkomiteen.

Indrevik ny nestleiar
Med seg som nestleiarar har Frølich fått varaordførar Tom Georg Indrevik frå Fjell og ordførar Karstein Totland frå Masfjorden.

Det er all grunn til å gratulera Indrevik med vervet. Han er dyktig, ingen tvil om det. Ovanfor media framstår han dessutan oftast som informativ og endatil hyggeleg.

Feil kjønn
Ingen skal likevel få innbilla meg at det ikkje finst ei einaste kvinne i fylkespartiet som duger til å sitja i leiinga for Høgre sitt nest største fylkeslag.

Indrevik har feil kjønn.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s