Milliardverdiar i næringseigedom

To verksemder vil stå for fjerdedelen av eigedomsskatten på verk, bruk og næring i Fjell.

Ranveig Frøiland har leia takseringsarbeidet.
Ranveig Frøiland har leia takseringsarbeidet.

Takseringsarbeidet viser at det lokale næringslivet sit på eigedomar til ein samla verd i av 4,42 milliardar kroner, opplyste Ranveig Frøiland som har leia takseringsarbeidet, på siste møte i kommunestyret.

Sartor Storsenter
Den mest verdfulle eigedomsmassen i kommunen er Sartor Storsenter, eigd av Sartor Holding AS og Olav Thon ASA. Handlesenteret som kjempar om å vera mellom dei ti største i landet, vert taksert til 695 millionar kroner. Då er leigeinntekter, driftskostnadar og anteken salspris på den opne marknaden teken med i reknestykket.

CCB
Kaianlegga og bygningane til CCB AS vert taksert til 364 millionar kroner, ut frå dei same vurderingane.

Konsentrasjon
Største eigedomsverdiane i kommunen er, ikkje uventa, samla i Straume- og Ågotnesområda.

Sartor Storsenter er taksert til 695 millionar kroner.
Sartor Storsenter er taksert til 695 millionar kroner.

I Straume Næringspark, medrekna Sartor Storsenter, er det konsentrert ein bygningsmasse til ein samla verdi av 1,47 milliardar kroner.

Ågotnesklyngen vert rekna å ha ein samla salsverdi på 1,2 milliardar kroner.

Netto inntekt
Eigedomsskatten på verk, bruk og næring, som vart innført ved siste årsskiftet, kjem til å innbringa Fjell kommune kring 5,3 millionar kroner netto, ifølgje Frøiland.

Totalt 700 bygg på 390 eigedomar i kommunen vert omfatta av ordninga. Skattegrunnlaget på eigedomane vert sett til to promille av 65 prosent av taksten.

Eigedomar verdsette til 400 millionar kroner er unntekne frå eigedomsskatt, avdi dei tilhører Fjell kommune, eller frivillige organisasjonar.

Båthavner
Båthavner som driv med utleige, vert også omfatta av ordninga. Dei kan venta seg besøk av tekseringsekspertane med det aller første, varsla Frøiland.

Dei einskilde verksemdene vil no få melding om taksten, før skatteutrekninga kjem i månadsskiftet april/mai, informerte Frøiland.

Det er Eskan AS som har utført takseringa på vegne av Fjell kommune.

Les også:
Fjell innfører eigedomsskatt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s