Sotrasambandet sett på vent

Fjell, Sund, Øygarden og Askøy vert sett som ein del av Bergens-området i framlegget til Nasjonal Transportplan for 2019 – 2029. Fokuset står på 0-vekst i personbiltrafikken, kollektivtransport, klima- og miljøtiltak.

Når det kjem til konkrete løyvingar av midlar, vert Sotrasambandet føreslege avspist med beskjedne 100 millionar statlege kroner til førebuing til OPS.

Transportetatane erkjenner likevel at trafikktilhøva mot vest er kritiske, med ei trafikkmengde som er godt over kapasitetsgrensa. Når det ikkje er løyvd meir pengar, er det i påvente av at det vert semje om eit opplegg for delvis bompengefinansiering.

«Mot vest er trafikkforholdene kritiske med en sårbar bruforbindelse til Sotra med trafikkmengde godt over kapasitetsgrensen. Det er lagt til grunn statlige midler til forberedende arbeider for OPS-prosjektet rv 555 Sotrasambandet. Prosjektet forutsettes gjennomført som OPS-prosjekt, og prioriteringen er betinget av at det blir tilslutning til et opplegg for delvis bompengefinansiering.»
Redusert biltrafikk
Omsynet til lokal luftkvalitet gjer at biltrafikken i delar av Bergens-området må reduserast, meinar transportetatane, utan å spesifisera nærare kva geografiske område dei har i tankane.
Sårbart
Sotrasambandet leiar inn til Nygårdstangen, eit vegsystem som er sårbart avdi dei geografiske tilhøva gjer at mykje av biltrafikken ikkje har alternative ruter eller ringvegar.
Kollektivprioritering
NTP-forslaget ser persontrafikken til og frå Bergen sentrum i lys av «Kollektivstrategi for Hordaland». Hovedkorridorane mellom  Bergen sentrum og regionsenter rundt Bergen skal vidareutviklast.
Auka restriksjonar for biltrafikk bør innførast i takt med at kollektivtilbudet og infrastrukturen for sykling bygges ut, foreslår NTP.

Prioriterte samband
Ferjefri E39 og jernbanen E16 Voss – Arna vert dei prioriterte sambanda i Hordaland i komande planperiode, vert den endelege planen vedteken i samsvar med dagens framlegg.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s