Attreisinga av Telavåg – ei nasjonal oppgåve

På veg heim frå Tyskland med Dei kvite bussane, gjorde Telavåg-karane som hadde overlevd redslane i tysk fangenskap, ein stopp i Sverige. Dei ville kjøpa verktøy til å byggja opp att heimane sine. Resultatet vart ei av dei mest moderne bygdene i landet.

Telavåg-innbyggjarane ville gjerne ha moderne funkis-liknande hus. Foto: Museum Vest.
Frå den nye busetnaden. Telavåg-innbyggjarane ville gjerne ha moderne funkis-liknande hus. Foto: Nordsjøfartmuseet/Museum Vest.

Attreisinga av Telavåg etter krigen vart rekna som ei nasjonal oppgåve, med prioritet på linje med attreisinga av Finmark. Ansvarleg for arbeidet var fylkesmannen i Hordland, som oppretta eit eige Telavåg-kontor som skulle koordinera det praktiske.

Tragedien
26. april 1942 vart to gestapo-agentar skotne og drepne i Telavåg. 30. april starta hemnaksjonen som skulle jamna heile bygda med jorda. Over 400 personar vart internerte. Kvinner og barn først på Storetveit skule og seinare på Framnes. Mennene vart sende til Grini og seinare til konsentrasjonsleiren Sachenhausen i Tyskland der 31 av dei omkom.

Bretta opp ermane

Far og son i ruinane, sommaren 1945. Foto: Museum Vest.
Far og son i ruinane, sommaren 1945. Foto: Nordsjøfartmuseet/Museum Vest.

67 bustadhus, og ei mengde fjøs, løer, sjøhus og naust – totalt 300 bygningar, var jamna med jorda.

Dei kring 400 innbyggjarane budde på legd hos slekt og venar. Dei var ikkje dei einaste. Bustadnauda var påtrengjande dei første etterkrigsåra, og bustandarden langt frå tilfredstillande. I seg sjølv eit sterkt incitament for Telavågfolka til å bretta opp ermane og sjølv gå laus på attreisinga.

Eit sterkt samhald etter påkjenningane under krigen, bidrog til å verkeleggjera prosjektet på rekordtid.

Nasjonal støtte

Ingenting stod att. Sjølv murane til sjøhusa var sprengde. Foto: Museum Vest.
Ingenting stod att. Sjølv murane til sjøhusa var sprengde. Foto: Nordsjøfartmuseet/Museum Vest.

Telavågtragedien er utan samanlikning i den norske krigshistoria. Heile Norge følgde med på attreisingsarbeidet, skal vi tru dei mange reportasjane i Nordsjøfartmuseet sitt pressearkiv.
– Eit skuleeksempel på effektiv gjenreising, skreiv Telen.

– Mønster på attreising, fortalde Sunnmørsposten lesarane sine.

– Byggjande krefter er sterkare enn øydeleggingslysta og barbariet, uttalte kronprins Olav då han ved sjølvsyn fekk sjå korleis arbeidet skreid fram 15. desember 1947.

Kong Håkon var på privat vitjing med Kongeskipet Norge 11. juli 1948. Statsminister Einar Gerhardsen hadde sete i Sachenhausen samen med menna frå Telavåg, og skal ha vore på fleire besøk i bygda før attreisingsarbeidet vart formelt avslutta i september 1949.

Bergen Arkitektforening
Å byggja 300 bygningar på fire år er ei omfattande oppgåve, sjølv utan dagens krav til detaljert planlegging og dokumentasjon. Bergen Arkitektforeining melde seg tidleg til å bistå i arbeidet. Med deira hjelp vart det utarbeidet ein plan over den nye busetnaden, med eit samanhangande vegnett der det før hadde vore kjerrevegar og stiar. Ein tidleg versjon av dagens reguleringsplanar – truleg den første i Sund?

Møtet med arkitektane skjedde ikkje heilt knirkefritt. Telavågfolka ville ha moderne funkishus der arkitektane såg for seg tradisjonelle vestlands- og sørlandshus. Husbyggjarane fekk siste ordet.

Tyskarbrakkar
Då var det verre med materialmangelen. Heile landet skulle byggjast, og det var mangel på alt. Stor etterspørsel førte til rask prisauken på nye materialar. Gjenbruk av etterlatne tyskarbrakkar vart ofte løysinga.

For å husa arbeidsfolka i anleggsperioden, vart det henta brakker mellom anna frå Fjell. Ein flytande brakke hadde plass til 500 mann, spisesal og kjøken.

Felles innkjøp
Telavågkontoret organiserte felles innkjøp av byggjevarer. Alt måtte fraktast med båt.
Eit tysk transportskip gjekk tallause turar med sand, sement og treverk. Brua over Televågsundet stod først ferdig i november 1949 – to månadar etter at attreisinga formelt var fullført.

Transporten frå kaien opp og opp til dei einskilde byggjestadane vart letta av at det i løpet av desse åra vart bygd 2,5 kilometer veg gjennom og mellom Telle, Øvretveit og Nipen.

Infrastrukturutbygging
Telavågsamfunnet kom til å oppleva ei betydeleg infrastrukturmessig standardheving. Dei første etterkrigsåra Parallelt med attreisinga, fekk bygda straum. Det skjedde i 1947, visstnok som den første bygda i Sund.

Utkommandert
For å hjelpa til i vegbygginga vart 200 tyske kringsfangar utkommandert til å gjera ein innsats. Det same vart 50 landssvikfangar.

I ei tid der timeløna låg på 2 kroner og 30 øre, utførte dei ein betydeleg uløna innsats side om side med bygdefolket for at Telavåg skulle kunna reisa seg att.

Økonomisk hovudverk
Kostnadane forbunde med attreisinga var lenge ein alvorleg hovudverk for Telavågfolka. Då abeidet tok til sommaren 1945, visste dei enno ikkje korleis dei nye heimane skulle finansierast.

Rekning over verktøy ein av dei overlevande frå Sachenhausen kjøpte i Sverige på veg heim. Foto: Nordsjøfartmuseet/ Museum Vest.

Før krigen hadde Telavåg vore eit relativt velståande fiskarsamfunn, med rommelege hus etter dåtidas standard. Den statlege Krigsskadetrygda for bygningar dekka likevel langt frå kva det ville kosta å byggja nytt.

Som ei oppmuntring og hjelp på vegen tok bergensavisene alt i fredsåret 1945 initiativ til Telavågfondet. Til saman vart det samla inn 358.000 kroner.

Husbanken
Husbanken vart oppretta i 1946 med føremål å gjenreisa landet, og bidra til å løysa den akutte bustadsosiale krisa.

Alt frå første dag hadde Husbanken krav til standard og arkitektur. Husbanken kravde mellom anna innlagt vatn og bad, noko dei færraste husa hadde hatt før krigen. I Televåg verkar det likevel som om det først og fremst var finansieringa statsbanken bidrog med.

Større og betre
Som ei god hjelp til trangbudde og familiar med fleire generasjonar under eitt tak, vart dei nye husa gjennomgåande større enn dei tidlegare. Heimar som tidlegare hadde hatt loft, fekk no to fulle etasjar. Eitt etasjers hus fekk loft. Sjøhus og andre uthus fekk til gjengjeld redusert golvflate.

Snittpris per kvadratmeter var viktig, då som no. Medrekna bad og sanitær, hadde dei nye bustadane i Televåg ein gjennomsnittleg kvadratmeterpris på 300 kroner.

4,6 millionar
Fylkesmannen sine rekneskapar viser at heile attreisinga kom på 4,6 millionar kroner. Då var innbyggjarane sin betydelege eigeninnsats trekt frå. Det same var all frivillig bistand frå mange hald, og utkommandert hjelp.

Krigsskadetrygda for bygningar dekka berre 2,3 millionar kroner. Televågfolka gav offentleg uttrykk for bekymringa si for å verta sitjande med så mykje gjeld.

Mange bidrag
Bidraga kom frå mange kjelder. Då ordninga med personleg erstatning til dei som hadde vore internerte og i fangenskap vart innført, fekk Telavågfolka tildelt 459.000 kroner. Utbetalinga skjedde før lova var underteikna i Stortinget.

Beløpet var nok til å dekka rentene i Husbanken, ifølgje fylkesmannen. Når Husbanken i tillegg gjekk med på å skriva ned gjelda med 1,25 millionar kroner, sat dei 67 bruka i Telavåg att med ei samla pantegjeld på 610.000 kroner. Ein sum som kan høyrast utbetydeleg i dag, men som innebar ei tidobling av bygda si samla pantegjeld før tragedien i 1942.

Statsminister Einar Gerhardsen sat i konsentrasjonsleiren Sachenhausen saman med menna frå Telavåg. Her er han på besøk i samband med den formelle markeringa av at attreisinga var fullført i september 1949. Foto: Husbanken.
Statsminister Einar Gerhardsen sat i konsentrasjonsleiren Sachenhausen saman med menna frå Telavåg. Her er han på besøk i samband med den formelle markeringa av at attreisinga var fullført i september 1949. Foto: Husbanken.

Kjelder:
Fylkesmann Mons Lid si oppsummering av Telavågkontoret sitt arbeid
Den noverande utstillinga på Nordsjøfartmuseet i Telavåg.
Pressearkivet på Nordsjøfartsmuseet
Husbanken sine heimesider

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s