SMS var saksdokument

Ein SMS sendt av byråd Rebekke Ljosland i samband med omtalen av tilbodet for slagpasientar ved Haraldsplass diakonale sykehus, må oppfattast som eit saksdokument. No har fylkesmannen gjeve Bergens Tidende medhald i kravet om innsyn.

Offentleghetslova omfattar også SMS-ar, dersom innhaldet har tilknyting til ei sak, ifølgje fylkesmannen i Hordaland.
Offentleghetslova omfattar også SMS-ar, dersom innhaldet i meldinga har tilknyting til ei sak, ifølgje fylkesmannen i Hordaland.

Tekstmeldingane var del av ein meir omfattande korrespondanse i saka. Bergen kommune har tidlegare avslått BT sitt krav om innsyn. Fylkesmannen i Hordaland er klageinstans.

SMS-en vart sendt av Ljosland til ein tidlegare kollega ved Haraldsplass under eit møte i komite for helse og sosial. Tekstmeldinga innehaldt informasjon mellom anna om den faglege bemanninga, innhaldet og organiseringa av tenestetilbodet på Haraldsplass.

Saksdokument
Offentleglova (offl.) § 3 første ledd lyder: «Saksdokument, journalar og liknande register for organet er opne for innsyn dersom ikkje anna følgjer av lov eller forskrift med heimel i lov.»

Problemstillinga i saka er korvidt den aktuelle SMS-korrespondansen er «saksdokument» som etter offl. § 3 er omfatta av innsynsretten.

Omgrepet «saksdokument» er definert i offl. § 4 andre ledd, hvor første punktum lyder: «Saksdokument for organet er dokument som er komne inn til eller lagde fram for eit organ, eller som organet sjølv har oppretta, og som gjeld ansvarsområdet eller verksemda til organet.»

Det «er ikkje noko krav at dokumentet må gjelde ei konkret sak i organet. At dokumentet gjeld ansvarsområda til organet eller til verksemda meir generelt er tilstrekkeleg.»

Ikkje privat
Fylkesmannen avviser at Ljosland kan gjera krav på at SMS-en var privat, og difor ikkje omfatta av innsynsretten.

– Det er innhaldet som er avgjerande for korvidt eit dokument må oppfattast som eit saksdokument som er omfatta av innsynsretten eller ikkje, hevdar fylkesmannen.

«[U]nder alle omstende er innhaldet i dokumentet som er avgjerande, og ikkje kvar det er sendt, kven det er adressert til eller andre formelle tilhøve ved dokumentet».

Les avgjerda på fylkesmannen sine heimesider.

20160303 tunnelsyn seljar3

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s