Samde i bompengeprinsipp

Eit tunglest dokument, forbunde med stor grad av usikkerhet. Politikarane i saksgruppe for næring og utvikling i Sund såg likevel ikkje anna råd enn å senda fylkeskommunen sitt forslag til prinsipp for bompengebetaling på det nye Sotrasambandet vidare til kommunestyret.

Saksgruppe for næring og utvikling i Sund opna i dag den politiske behandlinga av fylkeskommunen sitt forslag til prinsipp for bompengebetaling på det nye Sotrasambandet. Tilsvarande sak skal opp i alle dei involverte kommunane.

Bompengesøknaden kjem seinare
Det vert lagt opp til at bompengesøknaden skal utarbeidast i to omgangar. Prinsippdokumentet som låg på bordet i dag tilseier at Sund, Fjell, Øygarden, Bergen og Hordaland fylkeskommune skal senda ein felles bompengesøknad. Det skal berre vera to bompengestasjonar – på den gamle og den nye brua. Taksten bør liggja kring 45 kroner kvar veg, etter rabattar.

Nord – sør
Finansieringa av ny fylkesveg nord – sør (Sund – Ågotnes) skal ikkje omfattast av denne bompengesøknaden.

I første omgang skal politikarane i dei fire kommunane verta samde om desse overordna prinsippa. I neste omgang skal dei ta stilling til utforminga av sjølve bompengesøknaden.

Inga avklaring i NTP
Framlegginga av forslaget til Nasjonal Transportplan for 2018 – 2029 tidlegare denne veka gav ikkje den avklaringa politikarane i region vest inderleg hadde håpa på når det gjaldt auka statlege løyvingar til brusambandet som er kostnadsrekna til 8,9 milliardar kroner.

Ikkje førebudde
Med to milliardar kroner, slik Samferdselsdepartementet tidlegare har signalisert, vil bompengesatsen måtta verta betydeleg høgare enn prinsippskissa legg opp til. Noko som i neste omgang nødvendigvis vil føra til redusert trafikk og færre betalande bilistar.

Lokalpolitikarane i Sund var ikkje førebudde på den noverande situasjonen. No er dei tydeleg usikre på korleis dei best skal forhalda seg.

Eigne OPS-normar?
– Regjeringa har utropt Sotrasambandet som pilotprosjekt for offentleg – privat samarbeid (OPS). Kan hende gjeld det andre normar for betaling for slike samarbeidsprosjekt, spurte gruppeleiar, varaordførar Nils Arne Skoge.

– Det verkar som om Staten førebur ein OPS-konkurranse, supplerte rådgjevar Gerhard Inge Storebø.

Tett kontakt
Uansett vil det vera smart både å snakka med naboen og å halda tett kontakt med Staten for å få ei avklaring av deira standpunkt, var gruppemedlemmane samde om.

– Vi har lita tid, Det er få døme på enkeltprosjekt som har fått endra statleg støtte utan at dei er med i NTP, råda Storebø.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s