Manglar kriseplanar

Fjell kommune manglar beredskapsplanar for alvorlege hendingar som at Sotrasambandet vert sett ute av drift.

Fjell kommune manglar beredskapsplanar i tilfelle Sotrabrua vert sett ute av drift i lengre tid.
Fjell kommune manglar beredskapsplanar i tilfelle Sotrabrua vert sett ute av drift i lengre tid.

Fylkesmannen kontrollerer kvart fjerde år at kommunane oppfyller lova sine minimumskrav til samfunnstryggleik og beredskap. Ved tilsynet i Fjell i januar vart det identifisert fire avvik.

Storulukker
Kommunen si oppfølgjing av verksemder med stort ulukkespotensiale stod i fokus under tilsynet. Det same gjorde beredskapen for samfunnsviktig infrastruktur som kraftforsyning, vatn, veg og IKT.

Sotrabrua
Korleis kommunen vil handtera situasjonen dersom Sotrabrua vert sett ute av drift, er mellom dei storulukkene kommunen manglar plan for, og som vert særskild nemnd i rapporten.

– Det er rett at vi ikkje har nokon plan for korleis vi skal handtera situasjonen dersom Sotrasambandet kjem ute av drift i fleire dagar, bekreftar beredskapsleiar Roy-Erik Hansen i Fjell.

Krevjande situasjon
– Det er Statens vegvesen som eig Sotrabrua. Fylkeskommunen er også medansvarleg. Vi held no på å utarbeida ein felles plan beredskapsplan, seier Hansen.

– Ein slik situasjon vil vera veldig krevjande. I praksis må vi reordna eit nytt samband. Vi kan likevel ikkje vera blinde for at det kan koma til å henda, seier beredskapsleiar Roy- Erik Hansen.

Beredskapsleiaren i Fjell håpar framlegget til beredskapsplan skal vera klart til politisk behandling alt denne våren.

Manglar heilskapleg plan
Fjell kan ikkje dokumentera heilskapleg og systematisk arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, ifølgje fylkesmannen.

Særskilde risikovurderingar knytta til CCB og dei tre andre verksemdene som har potensiale for storulukker, er også mellom det fylkesmannen saknar.

Viktige og relevante risikotilhøve er ikkje tilstrekkjeleg omtalt i kommunen sin heilskaplege risiko- og sårbarhetsanalyse (ROS), påpeikar fylkesmannen.

Avdramatiserer situasjonen
Rådmann Steinar Nesse ser ingenting dramatisk i rapporten frå fylkesmannen:
– Fire avvik er verken mykje eller overraskande. Avvika gjelder oppdatering av planverket og seier ingenting om tryggleiken til innbyggjarane. Den vert nok ivareteke på beste måte, seier Nesse.

Beredskapsleiaren reknar med at beredskapsplanen og tilhøyrande planar vil vera oppdaterte i samsvar med lova sine krav innan utgangen av neste år.

Sikra mot straumbrot
– Vi har valt ut nokre ting vi jobbar med. Av fysiske tiltak har vi prioritert å sikra straumforsyninga sentralt på Straume. Rådhuset, Bu og servicesenteret og sjukeheimen skal vera sikra mot straumbrot innan hausten 2017, seier Hansen.

Fjell først ut
Seinare i år skal fylkesmannen gjennomføra tilsvarande tilsyn mellom anna i Sund, Øygarden og Askøy.

Les fylkesmannen sin rapport

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s