Inga løysing for Atlantic Offshore

Leiinga for Atlantic Offshore klarte ikkje å koma til semje med dei usikra obligasjonseigarane om vilkåra for refinansiering under dagens møte. Både mor- og dotterselskap er no i brot med lånevilkåra.

Ocean Response går på kontrakt ut 2020. Leiinga i Atlantic Offshore jobbar no for å sikra framleis drift av dette og dei 15 andre skipa i offshorerederiet.
Ocean Response går på kontrakt ut 2020. Leiinga i Atlantic Offshore jobbar no for å sikra framleis drift av dette og dei 15 andre skipa i rederiet.

Det gjeldstynga offshorerederiet sende i ettermiddag ut ei børsmelding der det framkjem at forslaget til refinansiering berre fekk oppslutnad frå 8,7 prosent av dei usikra obligasjonsigarane.

Både morselskapet og skipa, som vert eigde av dotterselskapa i konsernet, er no i brot med lånevilkåra i dei respektive eigarselskapa, framkjem det av ei samtidig pressemelding.

Halda fram drifta
Leiinga forhandlar no med kreditorane, i første omgang i håp om å få ein frysavtale, slik at skipa kan halda fram i dei inngåtte kontraktane. I mellomtida vil selskapa ikkje betala renter og avdrag til finansielle långjevarar.

Langsiktige avtalar
Seks av skipa går på langsiktige kontraktar som sikrar aktivitet fram til 2020. Ni av skipa går på avtalar ut 2017.

10 prosent eigenkapital
Atlantic Offshore AS har ei samla gjeld på 2,3 milliardar kroner. Eigenkapitalen utgjer 208,6 millionar kroner.

Aksept frå bankane
Bankar og andre panthavarar har tidlegare vedteke å støtte opp under planen for refinansiering av selskapet. Hovudaksjonær Knut Øgreid har sagt seg villig til å styrka eigenkapitalen med 50 millionar kroner.

Les også:
Kritiske dagar for Atlantic Offshore AS.

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s