Sør-afrikanske smaksbomber

Vinlandet Sør-Afrika reflekterer dei store og raske endringane i landet elles. A. A. Badenhorst har på få år vunne merksemd både heime og internasjonalt.

Secateurs-vinane er A. A. Badenhorst sin flørt med massemarknaden.
Secateurs-vinane er A. A. Badenhorst sin flørt med massemarknaden.

Denne veka hadde Adi Badenhorst teke pause frå travlaste kjellararbeidet for å promotera vinane i Norge.

Gamle vinstokkar
I Swartland, eit av dei ”nye” vinområda i Sør-Afrika, har Adi, saman med fettaren Hein Badenhorst, restaurert ein gard med 28 mål med gamle vinstokkar planta på 1950 – og 60-talet. Her lagar dei biodynamiske vinar, med utgangspunkt i chenin blanc, cinsault og granache.

Med røtene djupt forgreina i granittjorda, er det unødvendig å vatna sjølv om dagtemperaturen i periodar kan stiga over 40 grader og tørka ut landskapet elles.

Cinsault er drua sør-afrikanske vinmakarar aldri snakkar om, men som utgjer ryggraden i Badenhorst sin produksjon.

Biodynamisk
Sjølv om A. A. Badenhorst er eit relativt nytt namn, har familien lange tradisjonar innan vinproduksjon. Adi sjølv har laga sin første vin som 13-åring på ærverdige Buitenverwachting i Constantia. Seinare har han gått i lære både i Nord Rohne og på New Zealand, forutan på profilerte vingardar som Rustenberg og Simonsig i heimlandet.

1. divisjon
Fleire kritikarar som kjenner den sør-afrikanske vinindustrien godt, rangerer A. A. Bandenhorst i førstedivisjon, på linje med kjendisar som Reynke og Mullineux & Leeu, og klassiske produsentar som Kanonkoop og Klein Constantia.

A. A. Badenhorst vert produsert i to seriar, Secateurs, som betyr beskjæringssaks, og Family Wines. Begge er å få i Norge.

Secateurs Chenin Blanc 2015, kr. 158,50
Lys strågul på farge. Laga på Sør-Afrika si kvite nasjonaldrua er dette ei smaksbombe av ein kvitvin. Modne epler, sitrus og ananans sloss om merksemd med sjø, mineral og ei aning petroleum.

Secateurs Shiraz Grenache cinsault 2013, kr. 161,50
Laga på shiraz, grenache og cinsault. Den djupe raudblå fargen vitnar om krydder, sure kirsebær og solbær. Antyding til tobakk og lakris i ettersmaken.

Secateurs Mourvedre 2014, kr. 181,50
Djup raudblå farge, blomster og raude bær, tobakk i ettersmaken.

A. A. Badenhorst Family Red Blend 2013, kr. 251,40
Laga på shiraz, Grenache, cinsault, tinta barocca og mourvedre. Uventa djup blåfiolett på farge. Lukka førsteinntrykk, kirsebær, krekling og tre. Framleis ung, men toler eitpar år i kjellaren.

A. A. Badenhorst Ramnasgras Cinsault 2014, BU, kr. 284,90
Lys raudblå i glaset. Krydder, kirsebær og raude bær.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s