Storkjøpar av bustadar

Fjell kommune opptrer som storkjøpar i ein bobleprega bustadmarknad. Gjennom Bustadkontoret har kommunen sidan etableringa i august i fjor kjøpt eller overteke 115 bustadar. Dei neste fire åra skal det investerast ytterlegare 260 millionar kroner.

Fjell kommune sitt kjøp av 10 leilighetar i Straumehagen midt i Straume sentrum var avgjerande for at prosjektet vart realisert.  Ernst Morten Einarsen i Komite for drift var ein av seljarane.
Fjell kommune sitt kjøp av 10 leilighetar i Straumehagen midt i Straume sentrum var avgjerande for at prosjektet vart realisert. Ernst Morten Einarsen i Komite for drift var ein av seljarane.

Rekordmange bustadar til sals i Fjell er ingen garanti for at alle som treng det klarar å skaffa seg tak over hovudet. Bustadplanen identifiserer mange grupper av vanskelegstilte som kommunen er lovpålagt å skaffa ein stad å bu, enten ein spesialtilpassa bustad, eller personar som ikkje har økonomi til å kjøpa eller leiga noko på eiga hand.

100 millionar
Kommunestyret gjorde i samband med budsjettbehandlinga i desember i fjor vedtak om å løyva 100 millionar kroner dei neste fire åra, med 30 millionar kvart år frå 2016 – 2018 og 10 millionar i 2019 til anskaffing av eigna bustadar.

Bustadkontoret
Bustadkontoret vart oppretta i samarbeid med NAV i august i fjor og skal særleg arbeida for å skaffa bustad til flyktningar. Så langt har Bustadkontoret framskaffa 115 bustadar, enten gjennom leige på den private marknaden, kjøp, eller samarbeidsavtaler med Fjell bustadstifting.

Fjell Bustadstifting
Bustadane er spreidde over heile kommunen. 53 av dei er innleigde frå Fjell bustadstifting på 20-årige leigeavtalar. Dei to største einskildkjøpa er 12 3-roms leilighetar i Blommen/Kolltveit og like mange 2-roms leilighetar på Spjeld.

Bustadstiftinga skal bidra med ytterlegare 15 leilighetar dette året.

All inclusive
Kommunestyret har i tillegg gjort ei rekkje vedtak som fell utanom investeringsramma på 100 millionar kroner.

Kjøpet av 10 leilighetar i Straumehagen og kjøp og ombygging av Indremisjonen sitt tidlegare administrasjonsbygg på Søre Bildøy vil til saman koma på nærare 50 millionar kroner.

Rus og flyktningar
Handlingsplan for rus er vedteken med ei investeringsramme på 40 millionar kroner.

Rådmann Steinar Nesse har rekna ut at flyktningar er god butikk. For å skaffa bustadar til flest mogeleg, har kommunen sett opp eit eige investeringsbudsjett på 70 millionar kroner.

6 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s