Samde om kommunesamanslåing

Mandag vert det formell underskriving av intensjons-avtalen om samanslåing av Fjell, Sund og Øygarden kommunar. Få med deg kva forhandlingsutvalet er samde om.

Forhandla på våre vegne: fv. May Elin Limevåg (FrP, Sund), Svein Bergh (SL, Fjell), Anita Garlid Johannessen (FrP, Fjell), Atle Dåvøy (KrF, Øygarden), Børge Haugetun (TVØ, Øygarden), Tom Georg Indrevik (H, Fjell), Espen Harkestad (A, Fjell), Nils Arne Skoge, H, Sund), Jogeir Sognnæs (A, Sund), Kari-Anne Landro (H, Sund), Andreas Kallekleiv (H, Øygarden), Marianne Bjorøy (A, Fjell), Sylvia Haugland (TVØ, Øygarden).
Forhandla på våre vegne: fv. May Elin Limevåg (FrP, Sund), Svein Bergh (SL, Fjell), Anita Garlid Johannessen (FrP, Fjell), Atle Dåvøy (KrF, Øygarden), Børge Haugetun (TVØ, Øygarden), Tom Georg Indrevik (H, Fjell), Espen Harkestad (A, Fjell), Nils Arne Skoge, H, Sund), Jogeir Sognnæs (A, Sund), Kari-Anne Landro (H, Sund), Andreas Kallekleiv (H, Øygarden), Marianne Bjorøy (A, Fjell), Sylvia Haugland (TVØ, Øygarden).

I København, langt unna innsynet til fagorganiserte, tillitsvalde og media, har dei 13 politikarane i forhandlingsutvalet i fred og ro blitt samde om dei siste detaljane i intensjonsavtalen.

Dette er hovudtrekka i det forhandlingsutvalet er samde om:

Namnet
Namnet på den nye kommunen har vore det mest kontroversielle temaet i forhandlingane. Etter harde forhandlingar har ein landa på Øygarden. Ikkje for å vidareføra dagens kommunenamn, men avdi ein meinar Øygarden er den mest dekkjande beskrivelsen på øylandskapet vest for Bergen.

Kommunesenter
Nye Øygarden kommune vil få Straume som kommunesenter, med Skogsvågskiftet og Rong som kommunedelsenter.

Kommunestyret vil få 45 medlemmar, og fire underutval.

Vedtekne planar, mellom anna for utbygginga av Ågotnes, vil kunna gjennomførast.

Eigedomsskatt
Det skal vera eigedomsskatt på verk, bruk og næring.

Eigedomsskatten vil verta ei viktig inntektskjelde for den nye kommunen. Med utgangspunkt i noverande Øygarden kommune sine inntekter frå oljeilandføringsanlegga, kan eigedomsskatten koma til å utgjera så mykje som 170 millionar kroner årleg, i alle fall dei første åra.

Infrastrukturfond
Det skal opprettast eit infrastrukturfond, på grunnlag av inntektene frå eigedomsskatten. Minimum 10 prosent av beløpet skal øyremerkjast vegprosjekt i noverande Øygarden kommune, like mykje i kvar av dei to andre kommunane.

Kommunevåpenet
Fyrtårnet, eller fyrlykta, som i dag er kommunevåpenet til Sund, skal leva vidare som kommunevåpen for nye Øygarden kommune.

Intensjonsavtalen skal no godkjennast politisk av kommunestyra i kvar av kommunane innan 20. juni. Før den tid skal det avhaldast folkemøte, og innbyggjarundersøkingar for å høra kva veljarane meinar om samanslåinga.

Noko folkerøysting får vi ikkje.

Løpet køyrt
Den planlagde lokaldemokratiske prosessen vil i svært liten grad kunna påverka innhaldet i den endelege avtalen.

Hausten 2017 vil fylkesmannen i Hordaland kalla inn til eit fellesmøte som skal få på plass dei endelege detaljane. Her vil vi også få ei endeleg bekrefting av namnet på den nye kommunen.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s