Då Sotrastrilen skreiv samferdslehistorie

Det nye Sotrasambandet vert ikkje første gong Sotrastrilen påtek seg å skriva samferdslehistorie. Bilferja mellom Brattholmen og Alvøen kom i gang i 1935 som eit reint forsøksprosjekt, og var den første i sitt slag i Bergensområdet. Ferja halverte reisetida frå Møvik til Bergen frå fire til to timar.

M/B Sandsfjord ved kai i Brattholmen,ca. 1936. Foto: Utlånt av Einar Nordland.
M/B Sandsfjord tok tre bilar, her er første bilferja i Bergensområdet ved kai i Brattholmen, ca. 1936. Foto: Utlånt av Einar Nordland.

Først tidleg på 1930-talet byrja vegnettet på Sotra å verta såpass at det var tilrådeleg for bilar å ta turen vestover frå Bergen. Mange bilane var likevel ikkje å sjå i desse førkrigsåra. Dei fleste tilhøyrde velståande bergensarar med tilknyting til lokal industri eller som hadde landstad her ute.

Sommartrafikk

Passasjerstatistikk for Alvøen - Bergen i 1936. Merk at det vart frakta fleire syklar enn bilar.
Passasjerstatistikk for Alvøen – Bergen i 1936. Merk at det vart frakta fleire syklar enn bilar.

Sotra var alt den gongen ein populær feriestad for bergensarar i sommarmånadane. Med tanke på å ta unna sommartrafikken, vart det alt i 1929 prosjektert ei ferja som skulle kunna ta med ”1 omnibus, 1 godsbil og 1 almindelig bil”, og dessutan ha passasjersalong på dekk.

Halvert reisetid
Då Bergen Ingeniørforening drøfta muligheten til å etablera eit ferjesamband mellom Alvøen og Bergen, vart det særleg framheva at reisetida mellom Møvik og Bergen ville verta halvert, frå fire timar med rutebåt til to timar med bil. Noko som særleg ville vera til stor fordel for fiskarane, som på ein raskare og meir lettvint måte kunne frakta varene sine til Fisketorget.

Takka nei
Ferjetrafikk var noko heilt nytt på denne tida. Stortinget hadde vedteke at Statens vegvesen kunne nytta 4.000 kroner til etablering av provisoriske ferjeleier, noko det lokale arbeidsutvalet fann interessant.

Første båtruteselskapet som vart spurt om å ta på seg oppgåva, valte likevel å takka nei. Styret i dampskipsselskapet Topdal såg på ferjeruta som eit underskotsprosjekt. Dei meinte det ville vera lita interesse hos bileigarane for å ta bilen med til Sotra, avdi vegane her ute var så dårlege.

Garantert minsteinntekt
Fartøyeigar Osmund Johannessen såg annleis på det: Han tilbaud seg å ta på seg oppgåva for eigen rekning og risiko, mot ei garantert minsteinntekt på 50 kroner veka, til dekning av løn for seg sjølv, ein hjelpar og kostnadane med å drifta M/B Sandsfjord.

Optimisme
Første turen Alvøen –Brattholmen gjekk 14. mai 1936 og vart behøring feira og markert i Bergensavisene.

Trua på ferjedrifta må ha vore stor, for aksjeselskapet som skulle sikra kapital til drifta vart ikkje konstituert før ein månad seinare. A/S Bilferjetrafikk fekk ein aksjekapital på 4.700 kroner. På aksjonærlista finn ein mange av dåtidas rikaste reiarar og industrieigarar i Bergensområdet. NAF, avdeling Bergen og omegn, var og mellom pådrivarane for etableringa av ferjesambandet.

Ombygd seglskute

O-1555 køyrer i land på Brattholmen frå Sandsfjord ca. 1936. Ferja måtte flytta seg for kvar bil som skulle av eller på. Foto: Fjordfähren in Norwegen.
O-1555 køyrer i land på Brattholmen frå Sandsfjord ca. 1936. Ferja måtte flytta seg for kvar bil som skulle av eller på. Foto: Olai Schumann Olsen/Universitetsbibliotektet i Bergen.

M/B Sandsfjord vart bygd som seglskute i 1905. Etter ei ombygging vinteren 1934/35 hadde skuta dekksplass til tre bilar og opphaldsrom til 36 passasjerar under dekk. Dei første åra måtte bilane køyra om bord i Sandsfjord frå sida. Ved ombord- og ilandkøyring måtte ferja flytta seg ei billengde for kvar bil. Ein laste- og lossemetode som må ha vore både upraktisk og tungvidt, for alt i 1939 vart ferja bygd om på nytt, slik at bilane kunne køyra om bord frå baugen.

Først ut
Turen over fjorden kosta to kroner for bilar, og 25 øre for vaksne.

Trafikken første sommaren må ha gått over all forventning. Alt i september same året tok Hans Bull Øvrevik, leiar for NAF, og ein av aksjonærane i AS Bilferjetrafikk, initiativ til å etablera ferjeruter andre stadar, på grunnlag av dei gode erfaringane frå Alvøen – Brattholmen. 7. juli 1936 gjekk M/B Ruby sin første ferjetur Steinestø – Knarvik, eigd av A/S Ferjetrafikk og med NAF og Øvrevik på aksjonærlista.

Bilferja Bergen–Florvåg–Florvågøen vart først sett i rute 1. juli 1939.

Sotrabrua
M/B Sandsfjord trafikkerte Alvøen – Brattholmen heilt til 1951, men det er ei anna historie. Ferjestrekninga vart nedlagt då Sotrabrua opna for trafikk 11. desember 1971.

Kjelder:
Erling Virkesdal: Frå dampbåt til ledd-buss. Rutelaget Bergen Vest 100 år. (1988)
Bygdesoga for Fjell, (1970)
Fjordfähren in Norwegen. http://www.fjordfaehren.de

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s