0-visjon for trafikksikring

Behovet for trafikksikringstiltak i Fjell er kostnadsrekna til oppunder 500 millionar kroner. Investeringsramma for 2016 er på fem millionar.

Bildøyvegen. Trafikksikring
Gamlevegen over Bildøy er skuleveg. Bussen må stoppa og venta for at privatbilane skal kunna smyga seg forbi.

Trafikksikringsplanen for 2013 – 2016/2020 har visjon om 0 ulukker som mål, men gjer likevel ei hardhendt prioritering av dei mange identifiserte tiltaka kringom i bygdene i Fjell.

Kostnadssprekk
Dei tungste investeringane i traffsikringstiltak skulle etter planen koma i 2014. Då skulle kommunen ifølgje planen setja av 15,38 millionar kroner til føremålet.

Uventa kostnadar er årsaka til at fleire av prosjekta enno ikkje er ferdigstilt, framkjem det av saksutgreiinga til morgondagens møte i Komite for drift.

Gamle Bildøyvegen
Størst einskildposten i den noverande planen er opprusting av gamlevegen over Bildøy, med utviding av vegbana og med gang- og sykkelsti. Planen kalkulerte at tiltaket ville kosta 20 millionar kroner. Anbodsprosessen i vinter indikerer at sluttsummen vil enda ein stad kring 38 millionar.

Reguleringsplan
Investeringsramma på fem millionar kroner for 2016 inneber at tiltaket knapt nok får pengar til å ferdigstilla reguleringsplanen for tiltaket.

Les også:
Kostnadssprekk på BildøyvegenTrafikksikringsplan for 2013 – 2016/2020

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s