Klar for Kvinnedagen: – Likestillingskampen har endra innhald

Ho får det travelt på Kvinnedagen 8. mars, Aud Karin Oen, SV si kvinnesakspolitiske førstedame i vest.

Innhaldet i likestillingskapen har blitt eit anna, konstaterter Aud Karin Oen. Arbeidsmiljølova er eit anna viktig område å kjempa for.
Innhaldet i likestillingskapen har blitt eit anna, konstaterter Aud Karin Oen. Arbeidsmiljølova er eit anna viktig område å kjempa for.

Å markera kvinnedagen er viktigare enn nokon gong. Sjølv om mange slag er vunne, står det framleis mange kampar att å kjempa, meinar Aud Karin Oen.

Innhaldet i likestillingskampen har endra karakter. Fødselspermisjons-ordningane og rett til barnehageplass til ein overkomeleg pris har revolusjonert samfunnet. I dag står likeløn og rett til fulltidsstilling for kvinner på toppen av prioriteringslista, Aud Karin Oen.

Hersketeknikkar
– Det er viktig å halde oppe presset ovanfor Stortinget og Regjeringa i desse spørsmåla. Dei store reformane har pressa seg fram nedanfrå, dei har aldri blitt initiert frå toppen, konstaterer Oen.

SV-representanten har partikollega Berit Ås som førebilete. Sosiologen sette ord på dette med hersketeknikkar. Dei er viktig å kjenna til, skal du forstå kva som skjer på likestillingsfronten.

Heiltidsjobb
– Eg forstår ikkje kvifor det skal vera så vanskeleg å få til 100 prosent stillingar i helsevesenet. I brannvesenet og politiet er det inga sak. Same kjønnsskilnadane ser du i varehandelen. På Jernia, der det helst jobbar menn, jobbar dei fulltid. På Hennes&Mauritz derimot, er deltidsarbeidande kvinner i fleirtal, seier Oen.

Gratis barnhage og SFO som Høgre kjempar for, vil neppe bidra så veldig til auka likestilling på dette området. Unntaket er visse grupper av lågløna og innvandrarkvinner, trur Oen.

Likeløn
På landsbasis tenar kvinner i snitt 20 prosent mindre enn menn, ifølgje Oen. Samanstillinga Tunnelsyn.no har gjort av SSB sine data for Øygarden, Fjell, Sund og Askøy, viser at det står enda dårlegare til i vest.

Kvinner jobbar heile tida, men så lenge kvinner ikkje tenar like mykje som menn, har vi vanskelegare for å forsørgja oss sjølv og ungane våre, Aud Karin Oen.

Kroppspress
– Kroppspress, særleg ovanfor jenter, om korleis dei skal sjå ut, er eit nytt fenomen vi må kjempa mot. Elevundersøkingane til Hordaland fylkeskommune viser at personlege problem og psykiatriske lidingar er ein viktig årsak til at jenter særleg dett ut av vidaregåande skule, seier spesialæraren frå Øygarden.

Politisk representasjon
Politikken er likevel det som opptek Oen mest. Kvinnene utgjer halvparten av folkemengda, men sjølv i Norge verkar det vera uråd å koma over 40-prosentgrensa når det gjeld politisk representasjon i Storting, fylkesting og kommunestyre, sukkar ho.

Aud Karin Oen har sjølv vore prosjektleiar for ”Utstillingsvindauge for kvinner i Politikken” i heimkommunen Øygarden.

Utstillingsvindauge
Med målviten jobbing gjennom ein heil valperiode, økonomiske støtte frå Regjeringa og full support frå dåverande ordførar Otto Harkestad, klarte dei snu den rekordlåge kvinnerepresentasjonen i kommunestyret i Øygarden til ei knapp overvekt av kvinner; 12 av 23.

Vi må rekruttera breiare, og vera medvitne på å kumulera kvinner på toppen av listene, Aud Karin Oen om erfaringane frå Utstillingsvindu for kvinner i politikken.

– Lær dykk konstitueringsreglane, jenter, og stå på dei, legg Oen til.

Hol i vallova
– Det er framleis eit hol i lovverket når det gjeld kvinnerepresentasjon i Formannskapet. Her gjeld ikkje kravet om 40:60 representasjon. På vallistene må det difor lovfestast annankvar av kvart kjønn, skal vi vera sikre på å få kvinner inn i dei utvala der dei viktige avgjerdene vert tekne, sukkar ho.

-Menn er representert i alle samanhangar i samfunnet. Dei har sine nettverk som kjenner kvarandre, rekrutterer og støttar. Kvinnene har minst like god utdanning, men vert likevel sjeldan utpeika til leiarjobbane, har Oen erfart.

– Er vi kvinner for tilbakehaldne i profesjonelle møter med menn?

– Noko av forklaringa ligg nok i måten vi oppdreg jenter på. Jenter får ei anna oppdraging enn menn. Vi får det inn med teskjei, frå vi er ein neve store, om kor viktig det er med fine kjølar og glitter, sukkar Oen.

Erfaring
Erfaring er det som gjer at menn ofte vert peika ut til leiarroller framfor kvinner. Vi må difor jobba for at kvinner skal få erfaring. Når dei gjev seg etter ein periode, er det diverre ikkje til å koma forbi at menn etterkvart gjer karriere nettopp avdi dei er meir erfarne, resonnerer Oen.

Travel
8. mars vert det politikk heile dagen for Aud Karin Oen. Då er det fylkesting i Hordaland, der Øygardskvinna har representert SV i fleire periodar. Kvinndagen skal markerast med eit foredrag for Senioruniversitetet i Sotra og Øygarden. Vonaleg vert det tid til å gå i tog, også, før middagen med fylkesordføraren og dei øvrige fylkestingsmedlemmane på kvelden.

Advertisements

1 Comment

  1. Tilbakeping: Tunnelsyn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s