Solskin over nye Øygarden

Han breiar seg, Øygarden, song Roy Vorland, og sette stemninga for underskrivinga av intensjonsavtalen om samanslåing av Fjell, Sund og Øygarden kommunar.

Frå dagens avtaleunderskriving og fram til kommunestyra sine formelle vedtak 20. juni vil det verta lagt opp til folkemøter i alle kommunane, og ei felles innbyggjarundersøking.
Frå dagens avtaleunderskriving og fram til kommunestyra sine formelle vedtak 20. juni, vil det verta halde to folkemøter i kvar at dei tre kommunar, og ei felles innbyggjarundersøking.

Dette var ein solskinsdag, også i overført betydning. Dei stormfulle forhandlingane er tilbakelagt, og båten vel i hamn. Fornuften har sigra, ifølgje tilhengjarane. Dette var festtalene, kjenslene og dei store orda sin dag.

Eit fyrtårn i vest
Nye Øygarden vert ein kommune med ambisjonar. Som nest største kommunen i Hordaland skal vi verta ei fyrlykt i vest innan kommunal tenesteproduksjon så vel som når det gjeld teknologi, energi og marine næringar.

Kjenslelada
– Ein felles kommune vil kvila på felles verdiar som kystkultur, språk og identitet,  Marianne Bjorøy.

– Om det ikkje hadde vore kjensler med i forhandlingane, har vi ikkje teke med alt som er nødvendig å forhalda oss til, supplerte Børge Haugetun.

Mange fordelar

Kake hører med på ein dag som denne. Børge Haugetun fekk ho inn med teskjei av Marianne Bjorøy (tv) og Kari-Anne Landro.
Kake hører med på ein dag som denne. Børge Haugetun fekk ho inn med teskjei av Marianne Bjorøy (tv) og Kari-Anne Landro.

Fjellordføraren ser mange fordelar med ei kommune-samanslåing. Med nærare 40.000 innbyggjarar spreidd over 250 kvadratkilometer landareal, vert nye Øygarden ein sterk region med større påverknadskraft og større mangfald. Med større fagmiljø vil kommunen også kunna tilby meir effektiv drift samstundes som kvaliteten på tenestene vert betre.

Auka sentralisering
Men, med større geografiske avstandar vert også avstanden mellom politikarane og innbyggjarane større. Vi får auka sentralisering i Straumeområdet, med tilhørande risiko for at bygdene kan mista sitt lokale særpreg.

30 – 50 års perspektiv
– Vi må sjå dette i eit 30 – 50 års perspektiv. Det har vore eit sterkt påtrykk ovanfrå for å sentralisera. No må vi diskutera heilskapen med innbyggjarane våre, sa Børge Haugetun.

Nokon vil innvenda at prosessen har gått for fort. Personeleg er Haugetun godt nøgd med at dei tre samarbeidspartnarane i løpet av ein knapp månads intense forhandlingar har klart å koma fram til ein avtale der andre kommunar har brukt år på same prosessen.

Korleis engasjera?
Største utfordringa fram mot dei formelle avgjerdene i kommunestyra i juni, vert å engasjera innbyggjarane, Kari-Anne Landro.

Kommunevalet sist haust viste at det politiske engasjementet i Fjell og Sund ikkje er noko å skryta av.

– Dei som er mot, kjem på folkemøta. Dei som er for, sit heime i sofaen, hevda Bjorøy.

Krav om folkerøysting
Manglande engasjement er ikkje problemet i noverande Øygarden, der SV-politikar Aud Karin Oen har fronta eit innbyggjarinitiativ for folkeavrøysting om samanslåing.

Om det vert folkerøysting eller ikkje i Øygarden, er framleis eit ope spørsmål. Folket skal uansett få lov å seia meininga si, understreka Haugetun.

Time will show
– Vi må vera opne for innspel frå innbyggjarane, anten dei no kjem som eit ”ja” eller ”nei” i ei folkerøysting, eller gjennom ei innbyggjarundersøking. Uansett er det kommunestyret som har siste ordet, seier Haugetun.

– Vert det ein ny kommune, ja eller nei? spurte ordstyrar Vigleik Brekke til sist.

– Time will show, svara Haugetun.

Les: Dette er dei samde om

Songen frå Vest

Roy Vorland slo an tonen med "Songen frå Vest".
Roy Vorland slo an tonen med «Songen frå Vest».

”Songen frå Vest” bør etter mange si meining vera nasjonalsang for kommunane vest for Bergen. Teksten vart skriven av sokneprest Knut Øygard.

Lytt til «Songen frå Vest».

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s