Prioriterte psykiatribustadar

Fjell bør prioritera å skaffa omsorgsbustadar til åtte – tolv personar med tunge psykiatriske problem og behov for heildøgns omsorg når årets løyving på 30 millionar kroner skal fordelast.

I Straumehagen vert det planlagt 9 bustadar for personar med fysisk og eller psykisk funksjonshemming og varierande hjelpebehov.
I Straumehagen vert det planlagt 9 omsorgsbustadar for personar med fysisk og eller psykisk funksjonshemming og varierande hjelpebehov.

– Fjell har i mange år utsett å skaffa bustadar til innbyggjarar som har problem på bustadmarknaden. Å skyva desse menneska framfor oss vert stadig meir ubehageleg, innleia rådmann Steinar Nesse.

I budsjettbehandlinga i haust vedtok Fjell kommune å setja av 100 millionar kroner til kjøp av bustadar til vanskelegstilte dei komande fire åra.

Topp prioritering
30 millionar skal nyttast dette året, og i dag vedtok Komite for drift kva brukargrupper som bør prioriterast i bustadkøen.

Å skaffa gode bustadar til personar med tunge psykiatriske problem, og som har behov for omsorg heile døgnet, er det som brenn mest, var medlemmane i komiteen samde om.

Driftskostnadar
Problemet er ikkje å skaffa bustadar. Berre sidan i sommar har bustadkontoret skaffa 115 bustadar. Problemet er å få tak i bemanning til dei som treng heildøgns oppfølging. Einskilde av desse bebuarane har behov som gjer at dei kan hende vil belasta driftsbudsjettet med tre millionar kroner årleg, antyda Nesse.

Heildøgns bemanning
Basert på erfaringane frå tilsvarande psykiatribustadar i Blombakkane, vil dette innebera behov for ei bemanning tilsvarande sju til åtte årsverk. Bustadane vil utløysa behov for oppfølgjande løyvingar på fire – fem millionar kroner i årleg drift, frårekna tilskot frå Staten.

Bufellesskap
Nest etter personar med psykiatriske vanskar, bør kommunen prioritera å skaffa to bufelleskap, kvar med seks plassar for personar med fysiske og eller psykiske funksjonshemmingar og heildøgns bemanning. Kvart av bufelleskapa vil ha eit hjelpebehov som generer driftskostnadar tilsvarande sju til åtte millionar kroner.

Eldre
Midlane som vert til overs skal nyttast til 20 heildøgnsplassar for eldre, fortrinnsvis med demens.

– Det er fleire demente enn vi trur. Ved Kvednatunet opptek demente mange av plassane som er tiltenkt somatisk sjuke, hevda Nesse.

Behov for 200 bustadar
”Vanskelegstilte” er ei lite einsarta gruppe, med svært ulike behov. Einskilde av brukarane vil ha behov for eit omfattande hjelpeapparat rundt seg, døgnet rundt.

Samla sett har dei ulike gruppene behov for kring 200 bustadar, ifølgje Bustadplanen.

Les også:
Storkjøpar av bustadar

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.