Vassverksbudsjett på leirgrunn

Formannskapet i Askøy tek ikkje lett på at kostnaden med oppgraderinga av vassverket Mølledammen har auka med 450 prosent sidan anlegget vart vedteke. No vil dei at Kontrollutvalet skal sjå på saka.

Mølledammen er ein del av Askevannutbygginga og det kommunale vassverket i Askøy.

Manglande grunnundersøkingar
Manglande grunnundersøkingar før arbeidet tok til, har skulda for at rådmannen undervegs i prosessen har måtta oppjustera budsjettet frå opphaveleg budsjetterte 19 millionar kroner og til no sist, 85 millionar.

Budsjettsprekk
– Rådmann, dette er ein budsjettsprekk, ikkje ein justert kalkyle, slik det framkjem i sakspapira, innleia Roald Stenseide (FrP) den politiske saksbehandlinga i formannskapet i dag.

Kontrollutvalet
På vegne av FrP, Høgre og KrF fremma Stenseide tilleggsforslag om at Kontrollutvalet bør sjå på saka.

Bekymra for vassavgifta
Jannicke Bergesen Clarke (A) var mest bekymra for kva konsekvensar den betydelege kostnadssprekken vil få for den kommunale vassavgifta.

Kor stort avgiftshoppet vert, får dei først vita når saka kjem til politisk behandling på eit seinare tidspunkt.

På leirgrunn
Anlegget består av to dammar. Først under sjølve arbeidet har det blitt oppdaga at den eine av dammane bokstavleg talt står på leirgrunn, og ikkje på fjell, slik ein hadde anteke. Leirmassane gjer det naudsynt å endra konstruksjonen på den nye dammen vesentleg.

Inga årsaking
– Det finst inga årsaking for at det ikkje vart gjort skikkelege grunnundersøkinga i forkant av arbeidet. Snarare vert dette framstilt som noko positivt. Dette speglar ein kultur vi ikkje kan ha i kommunen vår. Vi forventar større audmjukhet frå adminstrasjonen og vilje til å finna forbetringspotensiale, sa varaordførar Bård Espelid (AL).

Andre runde
Dette er andre gongen politikarane i Askøy har fått ei ekstrarekning på bordet når det gjeld oppgradering av Mølledammen. Første kostnadsprekken vart kjend hausten 2015. I budsjettet for 2016/2017 er det sett av ei tilleggsløyving på 37 millionar, men heller ikkje det har altså vist seg å vera nok.

Trass i protestane, formannskapet vedtok samrøystes å tilrå den føreslegne ekstraløyvinga på 29 millionar kroner. Politikarane var også samde om at Kontrollutvalet må sjå på saka.

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.