Må laga ny plan for Kleppestø

Kleppestø sentrum bør få ei middels høg arealutnytting, med oppunder 700 bustadar fordelt på det 130 mål store utbyggingsområdet. Administrasjonen har i dag fått i oppdrag å laga ein ny plan der den vidaregåande skulen og Maltvikaneset vert haldne utanfor sentrumsutbygginga.

Kaiområdet på Kleppestø bør utviklast, er politikarane på Askøy samde om.
Kaiområdet på Kleppestø bør utviklast, er politikarane på Askøy samde om. Maltvikaneset ytterst til høgre.

Kleppestø si framtid stod øvst på dagsorden då medlemmane i Utval for teknikk og miljø (UTM) møttes til ekstramøte i dag tidleg.

Peika ut retninga
Endeleg skulle politikarane få peika ut retninga for den vidare sentrumsutviklinga, etter at innbyggjarane i plansmia i haust hadde kome opp med tre alternativ til rådmannen sin opphavelege gigantplan.

Det viste seg at politikarane stilte med fire ulike forslag til korleis kommunesenteret bør utviklast.

– Må vera realistisk
Posisjonen, leia av Kurt Hæggernæs (A) vil at utviklinga av Kleppestø skal ta omsyn til staden sin eigenart, at utviklinga skal skje gradvis, og at planane skal vera realistiske.

Det må lagast ein ny plan der Maltvikaneset vert oppretthalde som bustad- og friområde, og der det ikkje vert teke høgde for å flytta den vidaregåande skulen til kaiområdet, kravde Hæggernæs på vegne av Arbeidarpartiet, Askøylista og Miljøpartiet de grønne.

Undervegs kan rådmannen ”shoppa” element frå dei andre forslaga, for å koma fram til ein best mogeleg plan, opna Hæggernæs for.

Ville ha storutbygging
Rådmannen sitt opphavlege forslag om ei storutbygging i Kleppestø var å føretrekkja, meinte Rosalind Fosse og Framstegspartiet. Ein vidaregåande skule på kaiområdet vil generera mange synergiar for heile sentrumsområdet. Ved å flytta snøggbåtterminalen til andre sida av Maltvikaneset kan passasjerane gå den korte avstanden til parkeringsanlegget i Løfjellet, slik at biltrafikken i sentrumsområdet vert redusert.

– Forslaget til Rådmannen er det einaste som er klart til å sendast på høyring. Dei andre forslaga vil krevja enno ein ny planleggingsrunde, argumenterte Fosse.

Maltvikaneset
Øystein Gundersen (H) var også oppteken av at planane måtte verta realistiske. Det må ikkje enda som i 2009, då planarbeidet havarerte fullstendig.

Høgre ville ha ein ny plan, med høg utnyttingsgrad. Det bør planleggjast med tanke på at Maltvikaneset og Klampavikvegen kan inkluderast i sentrumsområdet, men på eit seinare tidspunkt.

Flytta bussområdet
Venstre, og tidlegare saksordførar Arild Raftevoll, var tilhengjar av ei middels utnytting på sjølve kaiområdet, og utan vidaregåande skule i sentrumsområdet. Raftevoll foreslo å flytta bussanlegget opp mot dagens Shellstasjon. Der bussane står i dag, bør det i staden leggjast til rette for park, næring og bustad. Snøggbåten kan kanskje flyttast meir mot aust. Resten av området bør ha høg utnytting.

Posisjonen sitt forslag vart vedteke med 7 røyster.

Kritiserte ordføraren
Innleiingsvis kritiserte Rosalind Fosse (FrP) ordførar Terje Mathiassen (A) for ikkje å ha samla gruppeleiarane i forkant og ha unnlate å fresita få til ei løysing som alle partia kunne støtta opp under.

KrF er eit av dei politiske partia som ikkje er representert i UTM. Partiet hadde i forkant av dagens møte sendt brev til utvalsleiaren der dei klaga over å verta stilte på sidelinja i den viktige saka.

Delegert vedtak
På bakgrunn av klagene diskuterte UTM korvidt vedtaket var å oppfatta som ei tilråding til kommunestyret. Det var det ikkje. I denne typen saker har UTM siste ordet, ifølgje delegasjonsreglementet, meinte fleirtalet.

Dagens møte gav nok indikasjon om kva retning UTM ønskjer at planleggingsarbeidet bør ta, til at administrasjonen kan ta fatt på ein ny planleggingsrunde, kommenterte rådmann Eystein Venneslan. Det vedtekne forslaget legg opp til at det skal gjennomførast fleire utgreiingar undervegs. Her vil det vera naturleg å rådføra seg med utvalet.

Kommunestyret skal først ta stilling til saka når forslaget til ny plan er utarbeida.

Les også:
Vil la økonomien avgjera framtida til Kleppestø
Kleppestø – bygd – småby eller by?
Smir morgondagens Kleppestø
Alternativ plan for Kleppestø

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s