CCB styrkar satsinga på subsea

CCB AS og Nor Sea Group AS kjøper 68 prosent av rådgjevingsverksemda Logiteam AS. Oppkjøpet vert gjort for å styrka servicetenestene til subseamarknaden.

Satsinga skjer i samarbeid med dei andre forsyningsbasane knytt til CCB og Nor Sea Group, mellom anna Vestbase i Florø, Vestbase i Kristiansund, Helgelandsbase i Sandnessjøen og Polarbase i Hammerfest, ifølgje ei pressemelding utsend i dag.

Knutepunkt for Statoil
Ågotnes er i omstilling, og vil i framtida vera knutepunkt for Statoil sine subseaaktivitetar i Nordsjøen. Oppkjøpet skjer som eit tiltak for å styrka satsinga på denne marknaden.

Subsea-bransjen opplever for tida eit knallhardt kostnadspress, og treng nye og kostnadseffektive løysingar for vedlikehald av undervassutstyr. Logiteam kompletterer oss på fleire område. Ved å samarbeida kan vi levera subsea vedlikehaldstenester i stor skala langs heile kysten for å betena kundane våre på norsk sokkel, seier administrerande direktør Kurt Rune Andreassen i CCB AS i ein kommentar til samarbeidet.

Vedlikehaldsekspert
Logiteam AS har ekspertise og årelang erfaring med styring og gjennomføring av vedlikehald på subseasystem, samt ekspertise på logistikk. Selskapet hadde i fjor ein omsetnad på vel 30 millionar kroner, og eit resultat før skatt på knappe 900.000.

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s