Får auka bompengane

Askøy bompengeselskap får lov å indeksregulera bompengane. Ein avgiftsauke på 25 prosent, slik bompengeselskapet har søkt om, er likevel ikkje aktuelt, slik politikarane i Formannskapet ser det.

Etter vel eitt års drift viser rekneskapen for Askøypakken eit underskot på kring 17 millionar kroner. Mesteparten skriv seg frå tap av inntekt som følgje av at elbilar passerer gratis gjennom bomringen.

Åtte prosent
– Den generelle prisutviklinga tilseier ein takstauke på åtte prosent. Alt utover det er vi mot, sa varaordførar Bård Espelid (AL) då formannskapet diskuterte saka tidlegare denne veka.

For å unngå at gapet mellom inntekter og budsjett aukar enno meir, foreslår Formannskapet tre tiltak:

Elbilar
Den politiske og administrative leiinga i kommunen bør arbeida for at ordninga med bompengefritak for elbilar vert fjerna i løpet av 2017. Her er signala frå fagetatane sitt framlegg til ny Nasjonal Transportplan positive, ifølgje Siv Høgetun (H).

Auka inntektene
Politikarane mistenkjer at det er mogeleg å omgå bomstasjonane. Bompengeselskapet bør difor vurdera korvidt ei anna plassering av bomstasjonane vil føra til auka inntekter.

Til sist ber formannskapet den politiske og administrative leiinga om å arbeida for å auka andelen av eksterne midlar til Askøypakken.

Det er kommunestyret som har siste ordet i saka.

Les også:
Samrøystes nei til bompengeauke
Skrur opp bompengane i Askøypakken
Kan det henda her?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.