230 mistar jobben

COSL Drilling Europe seier opp 230 tilsette som følgje av at Statoil har avslutta kontrakten på den ulukkesramma riggen COSL Innovator.

Riggselskapet har førebels valt ikkje å permittera tilsette i tilknyting til COSL Promoter, som Statoil har  suspendert midlertidig, ifølgje ei pressemelding sendt ut i dag.

Dei kring 230 som vert sagt opp jobbar både offshore og på land.

Dyktige og lojale
– Det er leit at så mange dyktige og lojale medarbeidarar mistar jobbane sine. Den personlege belastninga er enorm både for dei berørte og for deira næraste, seier Jørgen Arnesen, administrerande direktør i COSL Drilling.

Effektive riggar
– Det er snakk om tilsette frå absolutt ”øverste hylle”, som har sytt for at COSL Innovator og COSL Promoter har utmerka seg som to av dei mest effektive riggane i Nordsjøen. Vi håpar dei finn vegen tilbake når vi igjen har bruk for dei, seier Arnesen.

Til Ågotnes
COSL Promoter kjem til Ågotnes i løpet av helga. Leiinga i COSL Drilling ventar at opphaldet for den siste riggen vert kortvarig, og har difor ikkje sendt ut permitteringsvarsel. I løpet av opphaldet skal vindaugene på riggen stengjast.

COSL Innovator ligg ved kai på CCB på ubestemt tid.

Les pressemeldinga frå COSL Drilling Europe
Ulukkesrigg tilbake på CCB
To COSL-granskingar

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s